Hopp til innhold

Postpakkar er forseinka

Ventar du på ein pakke som kjem med Posten må du bu deg på å vente ein dag ekstra.

Trine Ryland ved Coop Extra

PROBLEM: Trine Ryland ved Coop Extra i Førde kunne lite gjere fredag då folk kom får hente eller levere postpakkar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Feilen hos IT-selskapet Evry råka ikkje berre kundane i fleire norske bankar. Også kundar hos Posten som skulle hente eller levere pakkar måtte gjere vendereis i dag.

– Systemet vårt er nede, så vi får ikkje levert ut eller tatt i mot pakkar. Det har vore slik sidan klokka 08 i dag, fortalde Trine Ryland ved Coop Extra i Førde til NRK fredag føremiddag.

– Mange er råka

Og slik vart det og. Pressesjef hos Posten Norge, John Eckhoff stadfestar også at Posten har hatt store problem gjennom heile dagen. Fredag kveld var datasystema derimot oppe og gjekk igjen. Då NRK snakka med han klokka 19.15 var sorteringa godt i gang.

– Det er nok veldig mange kundar som har forsøkt å få ut pakkar, men som ikkje har klart det. Dette gjeld først og fremst pakkar der du må legitimere deg, forklarar han.

Pakkane er forseinka

– Dei som ikkje har fått henta ut pakkane sine i dag, kva kan dei gjere no?

– No fungerer sporingsappen vår igjen, slik at ein kan gå inn der eller på via nettsida og sjekke om pakken er komen fram.

Eckhoff, som sjølv aldri har opplevd så store problem før, seier at kundar som ventar på pakkar, må vere budde på at pakken deira er forseinka med ein dag.

– Når systemfeilen vart så alvorleg som den vart, så har vi verken fått sortere eller distribuere pakkar. Det har i alle fall oppstått ein dag forseinking i pakkesorteringa.

Oppe og går igjen

Litt før klokka 19 fredag kveld kunne fleire bankar opplyse at systema deira var oppe og gjekkk igjen, slik at kundane kunne bruke nettbanken og bankkorta sine. I 21-tida melder fleire av bankane at det systema framleis er ustabile og at det kan oppstå problem.

Finanstilsynet uttrykker også uro over dataproblema til bankane. Dei ber no bankane sette i verk tiltak for å betre driftsstabiliteten.