NRK Meny
Normal

Postmannen skulle berre levere ein pakke - då slo geitene til

Postmann Jan Christian Jerving i Lærdal har levert post i bygda 28 år, men aldri før har han opplevd å få geiter inn i postbilen.

Mææææææææ - er det ikkje mat her?

TRONGT OM PLASSEN: Den tredje geita skjønte tydelegvis at det rett og slett blei for trongt.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Eg var på den vanlege runden min, og skulle levere ut nokre pakkar som skulle kvitterast for. Eg gjekk frå bilen med døra opa, var bak i bilen og henta pakkane og leverte dei til han som skulle ha dei. Men brått skjønte eg at det skjedde noko bak ryggen min, ler postmannen.

For medan han var oppteken med å få signatur, tassa tre geiter i godt humør bort til bilen, snuste litt rundt, og så bykste to av dei rett og slett inn i førarsetet.

Skjønnar ikkje kva dei gjekk etter

– Eg trudde mest ikkje det eg såg. Denne postbilen har berre førarsetet, for i passasjersetet er det eit stativ for post, så det er ikkje akkurat mykje plass til meir enn ein person. I teorien skulle det ikkje vere plass til to geiter, seier Jerving.

Niks, gidd ikkje meir

FERDIG: Den tredje av 'bukkane Bruse' tok seg god tid før han kom seg ut av førarsetet.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Ein skulle kanskje tru at det var matpakken til Jerving dei var på jakt etter, men det fanst ikkje noko etande i bilen i det heile. Så kva som lokka geitene inn i bilen, er det berre geitene som veit.

– Nokon spurte om det var tobakk i bilen, men det var det ikkje. Korkje det, eller mat av noko slag. Så ikkje veit eg, seier Jerving.

Geitene bykste inn i bilen

I KØ: Geitene hoppa inn i bilen på ein-to-tre.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Har aldri opplevd maken

Han fekk det brått travelt med å få dei ubedne gjestene ut att. Og det skulle syne seg lettare sagt enn gjort. Dei var iallfall ikkje interesserte i å bli lokka derifrå.

– Nei, eg måtte til slutt ta tak i horna på dei og leie dei ut. Men det var i trongaste laget, ler postmannen, som aldri har sett maken.

– Eg har opplevd ganske mykje rart i løpet av åra som postmann. Men eg har aldri hatt geit i bilen før, seier Jerving.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser