NRK Meny
Normal

«Kutt i laurdagsposten skal ikkje gå råke pasienttryggleiken»

Helse- og omsorgsdepartementet har ikkje løysinga, men garanterer for pasienttryggleiken når laurdagsposten blir kutta. Opposisjonen lar seg ikkje overtyde.

Anne Grethe Erlandsen

FORSTÅR: – Vi ser alvorleg på dette, og eg forstår uroa både hos helseføretak og hos fastlegar, seier statssekretær Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartementet.

Eit samla sjukehus-Norge har kravd at regjeringa finn løysingar som gjer at dei også etter 5. mars kan sende biologiske prøvar på laurdagar .

Avviklinga av laurdagsposten vil spare staten for millionar av kroner.

– Vi veit at det er ei ordning som heiter ekspresspost, som også er tilgjengeleg fredag og laurdag. Det kan vere ei løysing om ein skal bruke posten. Elles er det andre alternativ for distribusjon, seier statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) Helse- og omsorgsdepartementet.

Forstår og deler uro

Lars Vorland, direktør i Helse Nord

KRITISK: Lars Vorland er direktør i Helse Nord, og helseføretaka sin talsmann. – Dette vil få følgjer for oss og dermed pasientane, seier han om kuttplanane i Posten.

Foto: Barbro Andersen

Svaret er ikkje så konkret som verken opposisjonen, helseføretak eller fastlegar kunne ynskje seg. Helseføretaka ved administrerande direktør i Helse Nord, Lars Vorland, slo alarm og frykta for pasienttryggleiken.

Sjølv om Erlandsen og departementet ikkje har noko løysing, forstår og deler dei uroa i fagmiljøet.

– Ein del prøvar, som til dømes blir tekne hos fastlegar, blir øydelagde og kan ikkje brukast om dei ikkje kjem tidsnok fram til laboratoriet, seier Erlandsen.

Stilte spørsmål

Ingvild Kjerkol

KRITISK: Ingvild Kjerkol (Ap) meiner det er dårleg kunnskap som ligg til grunn for det ho meiner er eit dårleg kuttframlegg.

Foto: Espen Sandmo/NRK

Saka har nådd Stortinget. Ingvild Kjerkol (Ap) i helse- og omsorgskomiteen stilte skriftleg spørsmål til Statsråd Bent Høie.

– Det er ein viktig del av helsetenesta som blir lidande fordi ein har gjort vurderingar ut frå dårleg kunnskap, seier Kjerkol.

Høie svara at han kjenner til at omlegginga gir helsetenestene utfordringar som dei må tilpasse seg. Han lovar også å følgje med på utviklinga for å sikre at endringane ikkje går utover pasientane.

Den nye postlova skaper bekymring i helsevesenet. Frå første mars leverer nemleg ikkje Posten ut brev på laurdagar lenger. Det betyr at livsviktige biologiske prøver kan bli for gamle før dei når sjukehuset.

SJÅ TV-SAK: Den nye postlova skaper uro i helsevesenet.

– Då har han teke på seg ansvar for å sikre at pasientane får dei analysane dei treng for si behandling og at sjukehusa blir sett i stand til å gjere jobben overfor pasientane. Det forpliktar, seier Kjerkol.

– Inga løysing

I motsetnad til departementet, meiner Kjerkol at Posten si ekspressteneste ikkje er løysinga. St. Olavs hospital i Trondheim har vore i dialog med Posten om dette, men fekk til svar at posten ikkje kan garantere sjukehuset førsteprioritering på utkøyring.

Det kan også ta opp til 24 timar før tidskritiske prøvar kjem til analyse.

– Vi må sjå om vi på nytt må ta opp spørsmålet i Stortinget. Det er statsrådens ansvar at funksjonar fungerer på sjukehusa. Det garanterer han for, seier ho.

Talsmann for alle helseføretaka, Lars Vorland, kjem med eit klart og tydeleg krav.

– Vi ynskjer rett og slett ein dispensasjon slik at vi også på laurdagar får sendt prøvane, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser