NRK Meny
Normal

Posten legg ned det aller siste kontoret - seks tilsette får sparken

Dei seks tilsette ved postkontoret i Førde blir sagt opp og det siste postkontoret i Sogn og Fjordane blir lagt ned. Også kontora i Tønsberg og på Nordstrand i Oslo blir kutta.

Postkontoret i Handelshus II i Førde

STENGER DØRENE: Postkontoret i Førde blir lagt ned og seks tilsette blir oppsagt.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Ei nedlegging er kostnadssparande for Posten i ei tid der brevmengda har blitt halvert. Når inntektene fell vekk må vi sjå på andre måtar å organisere oss på, seier pressesjef i Posten Norge, John Eckhoff til NRK.

– Kva skjer med dei tilsette?

– Vi er i dialog med dei, men slik det ser ut no så er det nedbemanning med oppseiingar. Det gjeld seks medarbeidarar, fire på heiltid og to på deltid.

– Dette er konsekvensen

Eckhoff peikar på at kundane har byrja å setje pris på "Post i butikk", og at Posten gjennom 369 år har vore flinke til endring.

– Vi endrar oss fordi folk endrar seg og dette er eit tilpassing til dagens marknad. Eg er sikker på at kundane i Førde er heilt strålande nøgde med "Post i butikk" som finst der.

– Men dei er vel ikkje nødvendigvis så strålande nøgde dei seks som no mistar jobben?

– Nei, men slik er det. Vi må endre oss og då er dette dessverre konsekvensen. Vi har drive ei teneste som har vore heilt utmerka i mange år. Dette er proffe medarbeidarar som har levert gode tenester i mange år.

Visste ikkje at det kom i dag

Avdelingsleiar for postkontoret i Førde, Stein-Erik Sevalrud, er ein av dei som i dag fekk den tunge beskjeden om at arbeidsplassen blir lagt ned.

– Klokka 11 i dag troppa ein representant frå Posten opp her på kontoret og fortalte at vi skulle leggast ned. Det tykkjer eg er gale, eg har ikkje fått prata med familien min før media står på døra. Dette kjem frå toppen, og vi har ingenting med det å gjere, seier Sevalrud.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.