Hopp til innhold

– Vektløftar-EM kan få store ringverknader for Sunnfjord

Eit EM i 2016 vil bety 550 deltakarar frå 34 land. Eit slikt arrangement kan vere eit stort løft for heile Sunnfjord, meiner folka bak EM-søknaden.

Sameinast om EM

SAMAN OM EM: Anne Leversund (f.v.), Tom Farsund, Håkon Myrvang, Olve Grotle, Steinar Kvame og Stian Grimseth har stor tru på eit vektløftar-EM i Sunnfjord.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Ideen om å arrangere eit større vektløftar-meisterskap i Naustdal kom etter eit vellukka NM i mars i fjor. Også denne gongen er det Tambarskjelvar IL som er søkar og eventuell arrangør.

Med seg på laget har dei fått Førde kommune, Naustdal kommune, Sogn og Fjordane idrettskrins og Førde IL. Eit slikt samarbeid er det bruk for, skal ein tru leiar av søknadskomiteen, Steinar Kvame.

LES OGSÅ: Han har trena fram dei sterkaste av dei sterke: - Det er veldig kjekt

– Det er eit stor arrangement for Idretts-Noreg, og eit gigantisk arrangement for Sogn og Fjordane. Det er 550 deltakarar frå 34 land, og 2016 er siste sjanse til å kvalifisere seg til OL, forklarer Kvame.

– Noko å strekkje seg etter

Også tidlegare olympisk utøvar, Stian Grimseth, er med i søknadskomiteen. Han trur eit EM kan bety mykje for dei unge vektløftartalenta i Sogn og Fjordane.

– Då har dei noko å strekkje seg etter. Eg hugsar sjølv i 1992 då eg vart med i «Prosjekt Atlanta»og skulle kvalifisere meg til OL fire år etterpå. Me hadde EM i Stavanger i 1996, det var ein kjempemotivasjon for meg og eg vart europameister i 1996. Det ønskjer eg at andre også skal få sjansen til å oppleve, seier Grimseth.

(Artikkelen held fram under biletet)

NM i vektløfting i Naustdal

ARRANGØRAR: Det var mange blide andlet i Naustdal då NM i vektløfting vart arrangert i mars i fjor.

Foto: Aleksander Vallestad/NRK

Han har trua på at det i 2016 kan vere lokale utøvarar med i eit eventuelt EM på heimebane, og at dei også kan vere med i kampen om å kvalifisere seg til OL i Rio de Janeiro i 2016.

Må få med Eurosport

Dei to hindera som Tambarskjelvar må forsere før det kan bli aktuelt med noko EM i Sunnfjord er Eurosport og det europeiske vektløftarforbundet. Eurosport har mykje å seie for avgjersla som skal ta, og dei har vore oppteken av potensial for mange tilskodarar og kor tilgjengeleg Førde er for tilreisande.

LES OGSÅ: No siktar Sandra (20) mot EM

LES OGSÅ: Trur på medaljefangst under NM

– Me er optimistar. Me trur me skal klare å overtyde Eurosport om at dette går an. Det er klart at Noreg er ein utkant av Europa, og Sunnfjord er kanskje ein utkant i Noreg, men det er jo berre 55 minuttar frå Oslo med fly. Det er ikkje verre, seier Tom Farsund, som er medlem av søknadskomiteen og dagleg leiar i FinDriv AS som bidreg til søknadsprosessen.

Ordførarane er med på laget

Søknadskomiteen har allereie fått med seg politikarar og idrettskrinsen på laget, og det er stor optimisme å spore blant dei folkevalde.

– Eg håper me får det til, og er heilt sikker på at regionen, Førde og Naustdal vil kunne arrangere dette på ein skikkeleg måte, seier ordførar i Førde, Olve Grotle.

Også ordføraren i Naustdal, Håkon Myrvang, har stor tru på eit EM i Sunnfjord.

– Eg er kjempestolt av det vektløftarmiljøet me har i Naustdal og at me har ein idrettsklubb som er villig til å ta på seg dette ansvaret. Tenk kva dette vil bety for lokalt reiseliv, næringsliv og ikkje minst for vektløftarsporten. Det spørst om me også skal byrje å trene, Olve, seier naustdalsordføraren og kikkar bort på kollegaen sin.

Idrettskrinsen stiller med kompetanse

Organisasjonssjef i Sogn og Fjordane idrettskrins, Anne Leversund lover støtte frå krinsen, og er i likskap med politikarane positive til eit EM i Sunnfjord.

– Me har ikkje så mykje pengar, men me har folk og kompetanse, og me kan vere med i søknadsprosessen fram mot september. Me hadde styremøte i idrettskrinsen i går kveld og folk sa at dei stiller som frivillige. Me er stolte og krye av at nokon vil ta på seg eit slikt arrangement, seier Leversund.

Avgjersla vil bli tatt i september i år, og eit eventuelt arrangement er førebels planlagt til 2. til 8. mai 2016. Søknadskomiteen anslår ei omsetning på mellom fem og sju millionar kronar, og håper å kunne gå i pluss.