Når Astrup-samlinga no blir plassert i Bergen Kunstmuseum, sikrar ein avtale at deler av samlinga blir utlånt til Astruptunet i Jølster i sommarhalvåret.
Dette er no nedfelt i ein samarbeidsavtale mellom DNB NOR og Bergen Kunstmuseum, der eit eige utval skal jobbe og der Jølster kommune har ein representant.
Vil oppgradere Astrup-tunet
Gerd Dvergsdal
Jølsterordførar Gerd Dvergsdal er nøgd med at over 1100 Astrup-verk blir plasserte i Bergen.
- Det eg kjem til å jobbe med no, er å oppgradere Astrup-tunet slik at vi kan imot mykje meir folk. Vi vil ha eit tett samarbeid slik at vi kan få midlar til å løfte Astrup-tunet, seier ho.
Mange glade
Morten Svendsen som er direktør for Sogn og Fjordane kunstmuseum, som også omfattar Astruptunet, er glad i dag. Og også kulturdirektør Ingebjørg Erikstad sluttar seg dei glade.
- Eg tykkjer det er bra at samlinga er intakt. Vi skal vere glade for samlinga er samla og at den er nær oss, seier ho.
Ho seier at Sogn og Fjordane i dag ikkje har høve til å ta i mot ei så stor kunstsamling som dette
Betyr mykje for fylket
Lidvin Osland
Spesialrådgjevar i fylkeskommunen, Lidvin Osland, seier det betyr mykje for Sogn og Fjordane at samlinga vert plassert i Bergen.
- Faren var at samlinga kunne bli seld stykkevis og delt i både innland og utland. No har vi heile samlinga samla på ein stad. Med eitt tett samarbeid med Sogn og Fjordane har vi fått det maksimale av det vi kunne få til, seier Osland.
Skuffa jølstring
Halvard Viken
Den einaste som har snev av skuffelse er jølstringen Halvard Viken, som har engasjert seg for å få samlinga til Jølster. Han hadde helst sett at samlinga vart utstilt i heimfylket til Nikolai Astrup.
- Eg har argumentert sterkt for at samlinga burde komme til Jølster, så sånt sett er det skuffande at vi har tapt denne kampen. Men vi må sjå positivt på at samlinga ikkje vert gøymd vekk i eit magasin, men at den blir stilt ut for eit publikum, seier han.