Hopp til innhold

Positiv til å innføre turistskatt

Næringsdirektør i fylket, Jan Heggheim er positiv til å innføre turistskatt. Fleire aktørar innan reiselivet peikar på behovet for å finne ein måte å finansiere felles gode og felles investeringar på.

Jan Heggheim

TURISTSKATT: Jan Heggheim er fylkesdirektør for næring i Sogn og Fjordane.

Foto: MONTASJE: Kjell Arvid Stølen/Arne stubhaug / NRK

– Vi har forsøkt ei frivillig ordning med finansiering av fellesgoda i 100 år, men med varierande hell, seier Heggheim

I dag vert felles gode som turstiar, offentlege toalett og skilting finansiert ved hjelp av dugnad, private, kommunale og statlege kroner. Fleire tar no til orde for å innføre turistskatt.

– Ein ser jo at fleire land der turisme er viktig i Europa lenga har hatt ordningar med turistskatt.

Foreslo turistskatt alt i 2010

For fem år sidan tok Heggheim opp spørsmålet om turistskatt i eit orienteringsnotat til hovudutvalet for plan og næring i november 2010.

Synet på ei slik løysing er, ikkje uventa, delt , og det er uansett ei sak som må løysast på nasjonalt nivå. Men nokon må komme med forslaget.

– Men no vert Norge allereie rekna som eit høgkostland, du fryktar ikkje at ny skatt skal skremme vekk turistane?

– Nei det trur eg ikkje. For det første er dei vande til dette, og for det andre er det vanlegvis små beløp det er snakk om. Dersom eg ikkje hugsar heilt feil så operer til dømes Italia med to euro, det vil seie 15–16 kroner per overnatting. Eg trur ikkje nokon blir skremde av det, seier Heggheim.

Næringsavgifter slik Sjømatrådet har det i dag

Sjømatrådet, fellesorganet for marknadsføring av norske fiskeprodukt, finansierer si verksemd på akkurat same måten i dag, rett nok med innbetaling berre frå næringsaktørar.

– Dette blir ikkje oppfatta som kontroversielt, men heller som ei investering i framtidig inntekt. I praksis blir dette gjort slik at dei kommunane som ynskjer det, pålegg næringslivet avgifta med basis i forskrift.

Kostar å krevje inn

Men medaljen har ei bakside, for skal ein ny skatt krevjast inn må også nokon stå for sjølve innkrevjinga.

– Vi som har studert dette i til dømes Tirol, har sett at det krev faktisk ein administrasjon. Akkurat som med bompengar så er det ikkje gratis å krevje inn. Det er viktig å få fram i denne debatten, men det er viktig at noko tar opp denne saka no, seier Heggheim.