Det seier byggjesjef Rune Dvergsdal i Statens vegvesen om situasjonen for hovudvegen gjennom industrikommunen Årdal.
- Les også: Slik påverkar vegstenginga Årdal
Vegen har vore stengd i nær ei veke grunna eit stort steinras. I dag var dagen der ryddearbeidet skulle starte med spyling i fjellsida. Det gjekk ikkje heilt etter planen.
Vassposen rakna
BYGGJELEIAR: Rune Dvergsdal i Statens vegvesen er usikker på om fylkesveg 53 opnar fredag som planlagt.
Foto: Aleksander Åsnes / NRKEtter kort tid rauk posen som fraktar vatnet.
– Nei, akkurat no er det stille. Vi fekk litt problem med vassposen. Den må syast litt før vi kunne bruke starte spylinga igjen, seier Dvergsdal.
– Kva var det som skjedde, fylte de for mykje vatn?
– Nei, det var nok ikkje det som var årsaka, men heilt kva som var grunnen til at den rakna veit eg ikkje, seier Dvergsdal.
Tok i bruk kule
KULE: Etter at vassposen rakna, vart denne kula brukt til å knuse stein i fjellsida.
Foto: Aleksander Åsnes / NRKGeologen og reinskelaga som har vore i fjellsida melder tilbake at det ligg mykje laus stein igjen etter raset. Ryddinga av lausmassar i fjellsida må gjerast før oppryddinga av vegen kan starta.
Medan posen vart sendt til reparasjon, heldt helikopteret fram med å knuse stein med ei kule.
SJÅ VIDEO: Her spyler helikopteret fjellsida, men like etterpå rakna vassposen.
– Med den så har dei faktisk få laus ein god del, i tillegg så har vi fjellreinskarar i fjellsida og også dei har fått ned mykje, seier Dvergsdal.
Held opp beredskapen
Med dei tilbakemeldingane som er komne fryktar Dvergsdal at dei ikkje klarar å opne vegen til fredag. Det er også det Årdal kommune steller seg til.
– Dette er vegvesenet sitt ansvar, og det er dei som også har ansvar for den risiko dei tek om dei opnar tidlegare enn planlagt, seier rådmann Olve Fossedal.
Gjennom helga vart Årdal heilt isolert då også fjellovergangen Årdal - Tyin vart stengd grunna uvêr.
- Les også: No skal fjellsida sikrast
– Vi held oppe beredskapen som vi har etablert med båten som går her, og den vil gå til vegen er opna. I tillegg får vi inn att beredskapsbåten på legevakta i tilfellet fjellet blir stengd att, slik at vi framleis held høgt fokus på dette med liv og helse, legg han til.