Hopp til innhold

I Sogndal vart leilegheitene rivne bort - i Stryn går salet tregt

Desse to prosjekta ser ganske like ut; dei er bygde i fjordkanten, er lettstelte og har kort veg til sentrum. Men medan prosjektet i Sogndal selde 20 leilegheiter på ein time, har prosjektet i Stryn selt to på eitt år.

Fotomontasje

MYKJE LIKT: F.v. illustrasjon frå Strandkanten i Stryn og t.h. Sjøkanten i Sogndal.

Foto: Montasje / NRK

– Det er ofte vanskelegare å selje bustader berre på prospekt. Då følgjer det mange atterhald, seier meklar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Norunn Aarnes, som er meklar for Strandkanten på Visnes i Stryn.

Akkurat dét har dei to leilegheitskompleksa til felles. Likevel har Sjøkanten AS i Sogndal fått ein draumestart. På salsmøtet i slutten av september, var 22 leilegheiter til ein verdi av 65 millionar kroner, selde på få timar.

No er ytterlegare ni leilegheiter selde. Dermed er det berre fire leilegheiter att i blokka, som skal ha 35 leilegheiter.

Byggjer i tre trinn

Fullt så raskt har det ikkje gått med prosjektet Strandkanten i Stryn. Her er det prosjektert i alt 25 leilegheiter. Men salet har ikkje gått så raskt som dei hadde tenkt.

– Vi har selt to og har opsjon på ei på det første byggjetrinnet, som har fem leilegheiter. Vi har starta bygginga no, og satsar på å vere ferdige om eitt år, seier Ola Aarheim, som gjennom A. Sølvberg Eigedom A/S er utbyggjar for Strandkanten.

Leilegheitskomplekset på Visnes i Stryn er delt i tre byggjetrinn, alt etter korleis salet går.

Trur det løyser seg

– Det har ikkje gått så raskt som vi hadde håpt, så no byggjer vi første byggjetrinn slik at folk kan sjå korleis det blir, seier Aarheim.

I andre byggjetrinn er det planlagt 12 leilegheiter, medan det i tredje byggjetrinn skal komme åtte leilegheiter.

Aarheim fortel at prosjektet har vore under planlegging i lengre tid.

– Vi har i iallfall drive på siste halvanna året. Så la vi det ei stund på is, sidan responsen uteblei. Men no satsar vi på at når første byggjetrinn kjem opp, vil ting løyse seg litt, seier han.

Strandkanten ute

VED FJORDEN: Strandkanten ligg ved Visnes, heilt nede ved Nordfjorden.

Foto: Eigedomsmekling Sogn og Fjordane

Dyrare enn normalt i Stryn

Leilegheitene i Strandkanten er mellom 85 og 180 kvadratmeter, og kostar i overkant av 30.000 kroner per kvadratmeter.

– Prisnivået er ein 5000–6000 kroner per kvadratmeter meir enn det du finn elles i Stryn, men det meiner vi det er verdt. Leilegheitene ligg fantastisk til rett ved fjorden, og vi har nokre kvalitetar som du ikkje finn andre stader, seier Aarheim.

Blant anna skal leilegheitene få energi frå fjorden.

Fleire grunnar til tregheit

– Leilegheitene har halvannan garasjeplass kvar, og vedlikehaldsbudsjettet er lite, seier Aarheim.

At salet har gått trått, meiner han har fleire årsaker.

– I Sogn og Fjordane har vi to, kanskje tre lokomotiv, Sogndal, Førde og Florø. Der er marknaden sterk. Stryn er ikkje heilt der endå. Vi har industri, desse andre plassane har ein annan infrastruktur. Difor er marknaden meir oppgira, seier Aarheim.

Illustrasjon for Sjøkanten i Sogndal

GAMLE SLAKTERITOMTA: Sjøkanten ligg på tomta som før husa det gamle slakteriet i Sogndal.

Foto: Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS

Historisk i fylket

Advokat og dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane i Sogndal, Jan Arild Rømmen, er i skyene etter det eventyrlege salet av Sjøkanten AS.

– Dette har gått mykje, mykje fortare enn vi hadde drøymt om. Eg har jobba i 25 år med dette, og vil karakterisere det som historisk i fylket. Vi var optimistiske på førehand, men dette slår alt, seier Rømmen.

Han meiner det ikkje er grunnlag for å samanlikne Sjøkanten og Strandkanten.

– Det blir som å samanlikne eple og poteter. Kvar plass har sine lokale skilnader, og slikt er ikkje alltid like logisk som å sjå på utsjånad og nærleik til fjorden. Det er meir komplisert enn som så, seier Rømmen.

Vi var optimistiske på førehand, men dette slår alt!

Eigedomsmeklar og advokat Jan Arild Rømmen

Trur det er ein marknad

Aarheim meiner det ikkje er grunnlag for å la vere å byggje denne type prosjekt litt utanfor bykjernane i fylket.

– Eg trur det er ein marknad, men dette er ei ny form for bustadalternativ i Stryn. Dette er ein prosess vi berre må gjennom. Eg er ikkje tvil om at det er marknad for leilegheiter der folk omtrent får sjøen heilt inn i stova, seier Aarheim