Hopp til innhold

Populære bibliotek – men fryktar for framtida

GAUPNE (NRK): – Biblioteka er både ein integreringsarena og møteplass, seier fylkesbiblioteksjefen. Ho fryktar at bibliotektilbodet i fylket vil verte redusert med kommunesamanslåingar.

SIRI INGVALDSEN

EIN INTEGRERINGSRESSURS: Siri Ingvaldsen meiner det no er viktig ikkje å redusere tilbodet i kommunane, sjølv om det er varsla samordning og nedskjeringar.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

Biblioteka vert mykje brukt av innvandrarar og er ein institusjon mange av dei som kjem kjenner frå heimlandet. Heile 93 prosent av alle flyktningar som kjem til Noreg har vitja eit bibliotek i løpet av dei første månadene i landet.

Sogn og Fjordane fylke har i 2015 busett over 470 flyktningar. Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen trur biblioteka er budde på å ta i mot dei som kjem.

Men biblioteka i fylket er små, har få tilsette, korte opningstider og er trua av nedlegging og samanslåing. Fylkesbiblioteksjefen fryktar at tilbodet vert redusert.

– Tilbodet er veldig mykje brukt og difor er det viktig at biblioteka får halde fram med å vere møteplassar for denne gruppa. Ein må ta vare på dei lokale biblioteka, sjølv om kommunar snart vil slå seg saman, seier Siri Ingvaldsen.

Populær språkkafé

På biblioteket i Gaupne i Luster har bibliotekar Ellen Borch Veum sidan 2013 halde språkkafé nokre gongar i månaden. Der møtes folk med ulike nasjonalitetar og snakkar norsk saman.

Ellen Borch Veum

SPRÅKKAFÉVERT: Sedan 2013 har ho halde kafé for å hjelpe innvandrarar med norsken.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– Vi har hatt deltakarar frå heile verda. Til dømes Mexico, afrikanske land, Filippinane, Polen, men det er viktig at det også kjem nordmenn. Elles vert det berre kaos, seier Borch Veum.

Biblioteket i Luster har få tilsette, so det er ho åleine som arrangerer kaféane. Det har vore vanskeleg å halde praten i gong når ho er åleine, og det har kome veldig mange på kafé.

– Det er ideellt at det kjem mellom seks og åtte, då fungerer samtalane best, når det berre er eg som snakkar norsk, seier ho.

«Lån ein innbyggjar»

Dei siste åra har folkebiblioteka fokusert på å tilpasse seg denne nye brukargruppa. Mellom anna bestiller biblioteka depot med bøker på andre språk frå det framandspråklege biblioteket.

Mange bibliotek, som i Luster, har faste språkkaféar, og på Vestre Toten lanserte biblioteket i haust eit tilbod som heiter «lån ein innbyggjar». Poenget med tilbodet er at innbyggjarar og innvandrarar skal verte kjende med kvarandre, og hjelpe kvarandre med språket.

Plakat

LÅNER UT INNBYGGJARAR: På Vestre Toten låner dei ikkje berre ut bøker, men også bygdefolk.

Foto: Jorun Vang / NRK

I Sogn og Fjordane har fleire bibliotek jobba med tilrettelegging for innvandrargrupper. I Årdal fekk biblioteket ei utfordring då det ein dag stod fleire hundre asylsøkarar på trappa.

Ny situasjon krev meir

– Med den flyktningsituasjonen vi har no, trur eg det er behov for å gjere mykje meir i biblioteka. Leksehjelp, kurs i databruk og nettbruk, og språkkaféar – det er mange mogelegheiter, seier Ingvaldsen.

Ho tykkjer at dagens situasjon gjer det frykteleg viktig å ta vare på dei lokale bibliotekfilialane.

Borch Veum i Luster trur at på ein plass som Gaupne, der det ikkje skjer so altfor mykje, er det naudsynt med ein møteplass som biblioteket.

– Språket er inngangen til det norske samfunn, og for å lære seg språk treng ein møteplassar. Mange av dei som kjem her vil lære seg betre norsk, so dei etter kvart kan få ein jobb, seier bibliotekaren i Luster.