– Vi føler at Via Ferrata i Loen er i ferd med å bli veldig kjent. Det trekkjer folk til Loen, dei bur på hotellet, går på Skåla og Via Ferrata. Eg trur det går an å doble besøkstalet i Via Ferrata i løpet av eit par tre år til.
Via Ferrata Loen tar deg opp til majestetiske Hoven på 1010 m.o.h. Utsikta når både Lodalen, Oldedalen, Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen.
Ruta starter omtrent i sjøkanten og går opp til innsteget til Via Ferrata på 460 m.o.h. og så rett til topps på Hoven med fantastisk utsikt over Loen og Olden.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Mange går med førar
I startåret 2012 hadde mellom 200 og 300 personar førar opp Via Ferrata i Loen. I fjor var talet ein del over 600 og i år er talet allereie over 1800 som har klatra til topps med førar.
Brendefur meiner det til saman snart har vore 4000 oppe denne sesongen.
– Når vi har 1800 som har leigd førar, veit vi at nesten same tal har leigd utstyr og går på eigahand. I tillegg kjem det folk som har eige utstyr som går turen. Så eg vil tru at mellom 3500 og 4000 personar har tatt turen.
- LES OGSÅ:
Ny attraksjon i fjor
I fjor i august fekk Via Ferrata ein ny attraksjon. Den nye Gjølmunnebrua er 120 meter lang og består av eit 30-40 centimeter breitt aluminiumsgolv der folk kan gå. Heile brukonstruksjonen består av mange wirer som er fastbolta til fjellet på begge sider. Brua er plassert 700 meter over havet.
Etter at Gjølmunnebrua vart bygd i august i fjor, og meir utstyr er kjøpt inn, har Loen Active kapasitet til å ha frakte rundt 100 personar i Via Ferrata kvar dag med førar.