Hopp til innhold

Duftande gjærbakst lokkar folk til skulen

Kvar fredag ettermiddag kan du sjå ein jamn straum av slikkmunnar på veg til Sunnfjord Folkehøgskule, på jakt etter fersk heimbakst.

Marianne Aarseth

HEKTISK: Kjøkkenleiar Marianne Aarseth gjer klar dei siste bretta med bakverk før kundane kjem.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Laila Norevik og Åslaug Brudevoll

HANDLAR: Laila Norevik slår inn varene Åslaug Brudevoll har plukka med seg.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Mot helga kan ein kjenne dufta av store mengder bollar og brød i området rundt Sunnfjord Folkehøgskule. Damene på kjøkkenet eltar og knar i rask takt. Dei må rekke å få på plass bakevarene før dei første forventingsfulle kundane kjem.

Det heile byrja med at kjøkkendamene fekk ei utfordring av rektor i fjor. Korleis kunne dei bidra til å få inn meir pengar i skulekassa?

Damene snakka seg i mellom, og kom fram til at dei alle var glade i å bake. Ideen om fredagsbakeriet vart fødd, og damene har jobba flittig kvar fredag sidan den gong. Heimbakst frå Solvang har gradvis bygd seg opp til å bli ein stor suksess.

Dei fyrste kjem alt litt før opning

– Det kan fort bli hektisk dei siste minutta før opningstid. Nokre gongar kan vi bli litt raude i toppen under sluttspurten, seier kjøkkenleiar Marianne Aarseth.

Dei store bakaromnane durar i bakgrunnen, medan kjappe beskjedar, latter og kvardagsprat utvekslast over kjøkkenbenkane. Alt frå sunne grovbrød til søte kaker må vere klart før dørene opnar klokka to.

Eg har alltid støtta skulen, det er viktig for meg

Åslaug Brudevoll

Dei rykande ferske bakevarene blir trilla inn på salsrommet så snart dei er ferdigsteikte. Rommet er fylt av herlege dufter.

– Å, det luktar så herleg, ropar Åslaug Brudevoll idet ho kjem inn døra til skulekjøkkenet.

– Eg tar med meg nokre solskinnsbollar, det er favoritten.

Brudevoll er ofte innom for å plukke med seg gjærbakst til helga.

Kjell Skåheim

NØGD: Kjell Skåheim er glad for å ha sikra seg sine favorittar.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

– Brødet her smakar som heimelaga. Så tek eg med meg nokre pizzabrød til fredagskvelden. Smakar betre det enn Grandiosa, smiler Kjell Skåheim.

Han er ein av mange som ofte tar turen opp bakkane til Folkehøgskulen på Solvang.

Grovbrødet er salsvinnaren

– Det er grovbrødet som går raskast unna. Slik har det vel alltid vore, seier Marianne Aarseth.

Laila Norevik handterer kassaapparatet. Ho er godt nøgd med salet også denne fredagen:

– Ja, bakevarene har gått unna i dag også. Vi har kjekke, trivelege kundar som er glade i varene våre. Dei som bakar får mykje skryt, seier ho.