Hopp til innhold

Populær familietur har smelta bort – ny satsing reddar sesongen

JOSTEDALEN (NRK): Auka issmelting har sett ein stoggar for den tradisjonsrike familieturen på Nigardsbreen. Eit nytt tilbod for barnefamiliar har likevel sikra solide tal for Jostedal Breførarlag.

Ulukke ved Nigardsbreen

TREKK SEG ATTENDE: Det står att å måle kor mykje Nigardsbreen har smelta i sommar, men årets vestlandssommar ser ut til å vore blant dei betre for brearmen.

Foto: Marthe Gjerde

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Me satsa i år på spesialturar for born, som eit alternativ til dei velkjende familieturane, fortel dagleg leiar i Jostedal Breførarlag, Steinar Bruheim.

På heimesidene sine marknadsfører breførarlaget tilbodet som ein blåistur for deg med «spreke, naturglade ungar i familien».

– Kva skil det nye tilbodet frå den tradisjonelle familieturen?

– Den nye krev, i motsetnad til tidlegare, fullt breutstyr. No er også borna utstyrte med isøks. Tida ein brukar på isen har også auka frå ein time til halvannan.

Auka omsetnad

Det var i fjor at det for alvor byrja brenne eit brått lys for den siste familieturen på Nigardsbreen. Ein jobba då med å tilpasse alternative ruter gjennom sesongen. Av omsyn til tryggleiken heva dei aldersgrensa frå 6 til 8 år.

I år gjekk ein for første gong sesongen i møte utan tilbod om familietur. Men snartenkte breførarar visste råd, og den alternative satsinga ser no ut til å ha treft blink.

– Sjølv om me har hatt liten nedgang i talet på besøkjande, seier me oss svært nøgde med ein stabil og god sesong. Omsetnaden har auka med åtte prosent sidan i fjor, mykje fordi me fører fleire lengre turar og for private grupper.

Naudsynt med tilbod for born

Den tradisjonsrike familieturen har i nær 50 år vore eit lågterskeltilbod for familiar som ønskjer å oppleve blåisen på nært hald. Somrar med kraftig bresmelting har no gjort tilkomsten til breen i overkant lang og bratt for dei yngste turgåarane.

– Det er viktig for heile reiselivet i området at me har eit godt og variert tilbod for barnefamiliar. Det er eit naudsynt supplement til dei lange og meir krevjande turane.

Steinar Bruheim

STERK SESONG: Dagleg leiar i Jostedal Breførarlag, Steinar Bruheim, kan sjå attende på ein god sesong for tilboda dei fører på Nigardsbreen.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Fleire ønskjer private turar

I tillegg til ein solid sesong både for det nye tilbodet og dei tradisjonelle blåisturane, er det stadig fleire som ønskjer personleg tilrettelagde opplevingar.

– Ein har dei siste åra registrert at stadig fleire føretrekker å gå med privat førar, heller enn delta på fellesturar i større grupper. Dette gjeld både barnefamiliar og andre med eigne ønske for kor lange og krevjande turar dei vil gå.

Etter dei fatale ulukkene då eit ektepar trassa sperringa og fekk ei isblokk over seg i 2014 og eit turfylgje i fjor blei tekne av vatnet, har skilting, sperringar og vakthald blitt viktige tiltak dei siste åra. Men i år har også denne statistikken vore gledeleg.

– Det har vore svært lite uhell og ingen store ulukker i år. Så me konkluderer med at sesongen har vore god på alle vis, avsluttar Bruheim