Hopp til innhold

Polsk vogntog knuste busskur

Eit polsk vogntog knuste eit busskur då det køyrde utfor på E16 ved Steinklepp i Lærdal søndag kveld.

Føraren av vogntoget vart send til legesjekk med mindre kuttskader.

E16 vart ikkje stengd, men brannvesenet rykte ut på grunn av fare for lekkasje frå vogntoget.

Politiet veit ikje kva som var årsaka til utforkøyringa. Utforkøyring skjedde i halv ti-tida.