Hopp til innhold

Polsk sjåfør tok "gissel"

-Eg kjende meg som eit gissel. Det seier Erik Utheim frå Hyen etter at ein polsk vogntogsjåfør nekta han å forlate staden etter ei nestenulukke i førre veke.

Det polske vogntoget og personbilen til Erik Utheim var berre få meter frå å kollidere. Med Utheim gjekk det bra, men vogntoget klarte ikkje å stoppe og hamna i grøfta.

Men polakken hadde ikkje forsikring krevde at Utheim skulle ta på seg skulda og betale for bergingsbilen.

- Ville ta frå meg nøklane

- Han passa jo på at eg ikkje skulle stikke av. Eg følte meg som eit gissel. Eg vart ikkje fysisk truga, men han hevda som sagt at ulukka var mitt problem og at eg skulle betale for berginga. Det var kaldt og då eg sette meg inn i bilen vakta han på meg slik at eg ikkje skulle stikke av, fortel Utheim. 

I fire timar og bitande kulde vart Utheim eit ufrivillig "gissel" på den aude riksvegen ved Hyen i Glopppen.

- Då vi etterkvart fekk kontakt med sjefen i Polen, meinte sjefen hans at han burde ta frå meg nøklane. 

Men Utheim stod på sitt, og avviste kravet frå den trugande polakken.

- Eg sa at det ikkje var aktuelt for meg å betale for at han køyrde for fort og ikkje klarte å følgje vegen. 

- Vanskeleg å kontrollere

Men korleis er det mogeleg å køyre på norske vegar utan forsikring?  Advokat i Norsk Lastebileierforbund, Robert Aksnes, fortel at det er vanskeleg å kontrollere dette.  

- Norske vegstyresmakter har ikkje høve til å kontrollere om utanlandske bilar har gyldig forsikring. Det er opp til det enkelte land å fange opp dette. I Norge har vi eit godt system der bilar utan forsikring relativt raskt vert avskilta. Det kan jo vere eit problem om køyretyet aldri er i heimlandet, men berre driv internasjonal transport. Då får jo vegstyresmaktene ikkje gjort jobben sin.  

Kravde bankgaranti

Politiet gav sjefen til den polske sjåføren valet mellom å stille bankgaranti for berging, eller å få bilen berga og teken i forvaring av bergingsselskapet til dei kunne gjere opp for seg. Saka løyste seg då garantien kom på bordet.

- Vi hadde besøk av politiet både frå Sandane og Jølster, som forsøkte å løyse saka, forklarar Utheim. 

Utheim er glad det heile gjekk såpass bra. Men han meiner det må setjast mykje strengare krav til standarden på utanlandske vogntog som køyrer på norske vegar.

- Utanlandske køyretøy må ikkje sleppast inn på norske vegar utan at dei har forsikringa i orden og har økonomi til å kome seg på vegen igjen, meiner Utheim.