Polsk semitrailer på ville vegar

Ein polsk trailersjåfør gjorde det ingen lokalkjende trudde var mogeleg. Den 16 meter lange semitraileren køyrde bokstaveleg talt på ville vegar i Vest-Jotunheimen.

Arkivfoto
Foto: MMS-foto
Trailer på ville vegar.
Foto: MMS-foto

På veg over Sognefjellet, frå Trondheim til Årdal, tok polakken like godt snarvegen over fjellet frå Turtagrø til Øvre Årdal.

Den polske semitraileren vart oppdaga av brøytebilsjåfør Nils Veka oppe på fjellet. Han varsla politiet, for den neste tre mil lange, private bomvegen er slett ikkje eigna for lange køyrety.

- Eg prøvde å forklare på det språket som eg kan, som er norsk, at dette går ikkje og at han måtte finne ein plass å snu. Men han berre kikka på meg, og sa ingenting. Han hadde eit gammalt kart der verken Manheller eller Fodnes eller vegen til Årdal var innteikna, forklarar Veka.

- Umogeleg køyretur

Det er berre lov for inntil 10 meter lange bilar å køyre den gamle anleggsvegen, som på det høgste går 1300 meter over havet. Det er spesielt nedkøyringa til Fardalen som byr på problem. Her går vegen i svært skarpe svingar, i tillegg til at det knapt er plass til ein personbil i breidda.

- Svingane er så knappe at vi med ein åtte meter lang redningsbil må rygge for å klare svingane. Då kan du ikkje klare det med ein lang semitrailer, meinte Veka då NRK snakka med han fredag føremiddag. Tidlegare forsøk på det same har enda med naudhjelp av mobilkranar, ifølgje Veka.

- Var fortumla og sveitt

Men det var før lensmann i Årdal, Kristen Olav Grøttebø, tok turen til Hydro i Øvre Årdal for å sjekke om polakken mot alle odds likevel hadde kome seg ned den stupbratte fjellsida. Og til Grøttebø si store overrasking fann han semitraileren hos Hydro. Der møtte han ein forvirra og tydeleg nervøs polakk.

- Han vart litt redd. Eg gjekk i uniform, og han skjønte ikkje kva eg sa med det same. Men så sa eg at det ikkje var noko problem, men at eg var komen for å høyre korleis han hadde kome seg ned. Då tøya han opp, og byrja å fortelje meir.

- Korleis hadde han opplevd turen?

- Den var ganske traumatisk. Han var ganske fortumla og sveitt då eg snakka med han. Aldri meir sa han, fortel Grøttebø.

- No vart han åtvara av brøytebilsjåføren, kva sa han til det?

- Han hadde forstått at det kanskje ikkje var så lurt å køyre vidare, men han fann ingen stad å snu med den 16 meter lange semitraileren.

Slepp bot

Trailer på ville vegar.
Foto: MMS-foto

I nedkøyringa til Fardalen var det tydelege spor i graset på innsida av svingane, der hjula hadde køyrt over knauser og grøfter. Og overfor lensmannen gav polakken også uttrykk for stor glede og lette over at han i det heile hadde kome seg ned - og ikkje minst utan å ha gjort skade køyretyet.

Sjølv om det er forbode å køyre vegen med så store køyrety, såg Grøttebø i nåde til den fortumla polakken. Truleg er den dramatiske turen ned fjellsida straff god nok.

- Han fekk ei åtvaring, og lova at han skulle vere meir forsiktig neste gang han skulle ta seg ned i eit dalføre i Norge. Det var første gongen i Norge sa han, forklarar Grøttebø.

- Han må vere ein god sjåfør, og det gav eg også uttrykk for til han.

Vil sjå på skiltinga

- For det er jo ganske utruleg at det gjekk så bra?

- Ja, for det er jo ingen som kunne tru at ein 16 meter lang semitrailer ville kunne ta seg ned desse svingane til Årdal, seier Grøttebø, som no vil sjå på om skiltinga på Turtagrø er god nok.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.