Hopp til innhold

Etterlysing: Kva tid kjem avklaring på politireformen?

Avgjerda om korleis politistrukturen skal sjå ut er framleis ikkje avklart – eit år etter at høyringsfristen gjekk ut.

Arne Johannesen, forhandlingsleder i UNIO

VENTAR MED TOLMOD: Mangeårig leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannesen, har venta i eit år på avgjerd om korleis framtidas politidistrikt skal sjå ut.

Foto: Johan B. Sættem

– Det er slitande og frustrerande for ein organisasjon å vente så lenge på ei avgjerd. Det seier Arne Johannessen som leia Politiets Fellesforbund i 13 år.

– Ein kjem litt i dvale og mange prosessar stoppar opp. Det er vanskeleg i forhold til rekrutterin også av nye folk.

I fjor 1. oktober, gjekk høyringsfristen for politianalysen ut. I analysen føreslo eit utval storstilte samanslåingar å redusere talet på politidistrikt frå 27 til 6. Men no, ganske nøyaktig eitt år etter, har det ikkje kome noko avgjerd.

(Saka held fram under biletet)

Kart

– Så raskt som mogeleg

Svaret frå politisk rådgjevar Andre Kolve i justisdepartementet i dag, gir ingen indikasjon på kva tid Arne Johannessen og Politi-Noreg får svaret sitt.

«Vi jobber nå med fullt trykk for å utarbeide en politireform som vil stå seg over tid. Dette inkluderer selvsagt arbeidet med å finne den rette strukturen som gjør at vi får et tilstedeværende og effektivt politi i hele Norge. Departementet legger opp til å komme tilbake til Stortinget på egnet måte med oppfølgingen av Politianalysen så raskt som mulig».

– Personleg er ikkje i tvil om at ein burde gå for ein fylkesmodell, seier Johannesen.

I dag er det 27 politidistrikt. I januar sa Statssekretær i justis og beredskapsdepartementet Hans J. Røssjorde til Bergens Tidende at det vert mellom 10 og 19 politidistrikt, og gjekk langt i å antyde at Sogn og Fjordane og Hordaland kjem til å bli eitt politidistrikt i framtida.

Sogn og Fjordane som eige politidistrikt

Sogn og Fjordane er i dag eit eige politidistrikt, og Johannesen er ein sterk tilhengar av at det held fram.

– Det hadde betydd ein kraftig reduksjon av dagens politidistrikt, og ein kunne ha starta eit godt arbeid for å starte utviklinga av nærpolitiet i kvar kommune, meiner Johannesen.

Han håpar difor den lange ventetida har vore på noko godt.

– Det tar lang tid så det er klart at ein snart må kunne vente på ei avgjerd. Men det er betre å vente på ei god avgjerd enn å få raskt ei dårleg avgjerd.