Hopp til innhold

Politisk uro for brannberedskap

Det blir stadig fleire høge hus i Førde, men brannvesenet har ingen stigebil som kan ta seg opp i dei øvste etasjane. No er politikarane uroa.

Brannbil i Førde

PÅ ØNSKELISTA: Ein stigebil som når opp til dei høge husa står høgt på ønskelista til brannsjef Bernhard Øberg.

Foto: NRK

Brannsjefen i Førde har for lengst sagt ifrå om at dei treng ein stigebil som kan ta seg opp til eventuelle brannar i høge hus. Men politikarane i Førde har til no ikkje sett seg råd til dette, og i økonomiplanen er innkjøp av ein slik stigebil no utsett til 2016.

Arbeidarparti-politikar Helge Robert Midtbø uttrykker no stor uro for situasjonen, skriv avisa Firda. På eit møte i samfunns- og utviklingskomiteen var han klar på at noko no må skje.

– Skulle liv gå tapt i ein brann, vil det vere forferdeleg å tenkje på. Det er knapt til å leve med, så lenge ein veit, seier Midtbø som er fullt klar over dei mange høghusa og mangelen på ein stigebil.

– Politikarane har eit ansvar, og Arbeidarpartiet ønskjer å få ein politisk diskusjon rundt dette, seier han vidare til avisa.

Ein rapport frå 2010 konkluderte med at det er nødvendig for Førde kommune å skaffe seg materiell som kjem til i høgda om dei skal ha ein tilfredsstillande beredskap. Rapporten slår fast at det ikkje er stor fare for brann i ulike bygg, men slår samtidig fast at konsekvensane kan bli katastrofale, skriv Firda.

Midtbø meiner det er på høg tid at kommunen får utstyr som gjer at dei kan sløkkje brann og redde ut menneske om dei skulle byrje brenne i ein av dei høge husa.

– Sjansen for brann er liten, men ikkje usannsynleg, og i høgbygg er konsekvensane store, seier Ap-politikaren til avisa.

For to år sidan fekk brannvesenet i Førde teste ut ein stigebil. Brannsjefen var då tydeleg på at dette var noko som var nødvendig.

– I dag slit vi med slike høgder. Med den sentrumsutviklinga vi trur vil skje, må vi ha ein slik bil i Førde, sa brannsjef Bernhard Øberg til NRK.no den gong.

Video Mange kommunar manglar stigebilar

Sjå TV-saka då brannsjef Bernard Øberg testa brannbilen han ønskjer seg. Saka er frå oktober 2010.