Hopp til innhold

Politisjefen uroa for høg fart

Politiet ber folk roe seg kraftig på vegane no i vår. I den siste storaksjonen blei 17 prosent av bilistane stoppa fordi dei køyrde for fort.

UP har fartskontroll med laser

HØG FART: Etter fleire fartskontrollar i fylket vart 17 prosent tekne i å køyre for fort (arkivfoto).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Politisjef Arne Johannessen åtvarar om høg fart på tørre vårvegar i Sogn og Fjordane.

– Vi veit at våren innbyr til høgare fart på berre vegar, og vi ser av våre kontrollar at det er høg fart. Når 17 prosent av dei kontrollerte køyrer for fort, så er det for mykje, seier han.

Under ein kontroll vart to MC-førarar målte til 139 km/t og 145 km/t i ei 80-sone. Dei to stakk av, og saka vart meldt til politiet.

Må sikre borna nok

Politiet ber også folk om å skjerpe bruken av bilbelte og tryggingsutstyr for born. I den siste tida har fleire bilistar vorte tekne for å ikkje sikre borna nok i bilen. Johannessen meiner det må bli slutt på at folk slurvar med slikt.

– Det er sjølvsagt umogleg å gje ei god forklaring på det. Det er rett og slett sløvheit for å seie det brutalt. Det er ingen som kan forklare eller forsvare at dei ikkje sikrar det kjæraste dei har.

– Grunn til å skjerpe seg

Trass i at det no er innført to prikkar og at det kostar 1700 kroner å nytte mobil under køyring, er dette eit stort problem og ein stor tryggleiksrisiko på vegane.

– Det er grunn til å skjerpe seg, og det er ein grunn til at politiet må vere synlege på vegane, seier politisjefen.

Over 1200 norske førarar vart tekne på eit døgn då trafikkpoliti over heile Europa hadde storkontroll førre veke.

Politisjefen for utrykking i Noreg, Runar Karlsen, seier at dei som blir tekne i kontroll ofte har lagt til seg ei vane om å bryte fartsgrensa.

Vil kontrollere meir framover

Politiet kjem til å halde fram med mange kontrollar langs vegane no før påske.

– Utrykkingspolitiet er mykje på vegane, og lokalt politi prøver også å følgje opp. Trafikkarbeid er viktig, for det er mykje folk som ferdast langs vegane. No om våren er det mange som syklar eller går langs vegane. Og då er det viktig med fokus på trygg trafikk, seier Johannessen.