– Denne bilturen er alt som er gale med politireforma

Sist helg måtte tre politipatruljar og tre legekontor setjast i sving for å frakte ein mann til Bergen. – Eg fryktar dette er den nye normalen, seier Liv Signe Navarsete.

Laster kart, vennligst vent...

LANG NATTS FERD: Sist helg måtte ein person transporterast 25 mil frå Øvre Årdal til Bergen for å settast i arresten. Turen involverte tre forskjellige patruljar, tre legevaktsentralar og ein ambulanse som reisefølgje.

​​​​​​(Saka er oppdatert med kommentarar frå Høgre)

– Politireforma har vorte framstilt som at ein skulle samle ressursar og spare ressursar. Men eg ser ingenting effektivt med at tre politipatruljar og tre legekontor skal setjast i sving for at ein person må til Bergen for blodprøve og arrestasjon, seier Liv Signe Navarsete (Sp).

Sist helg måtte ein person transporterast 25 mil frå Øvre Årdal til Bergen for å settast i arresten. Turen, som tok nærmare seks timar og gjekk gjennom heile natta, involverte tre forskjellige patruljar, tre legevaktsentralar og ein ambulanse som reisefølgje.

– Det vart nok ein lang tur for dei som transporterte han, sa operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Liv Signe Navarsete

KRITISK: Liv Signe Navarsete (Sp) meiner politireforma fungerer mot si hensikt. – Me må byggje opp att tenestene lokalt, seier ho.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Eit av mange døme

Eit symptom på at politireforma ikkje held det ho lova, seier Navarsete.

– Dette skulle jo vere til ei meir effektiv og ressurssparande teneste. Men ein må jo setje spørsmålsteikn ved ressursbruken når ein må køyre ein rebelsk fange 25 mil.

Ho meiner løysingar finst lokalt, men at desse «ikkje passar i hop med sentraliseringspolitikken som regjeringa fører no».

– Dette er berre eit av mange døme, og eg fryktar for at det fort kan verte normalen framfor avviket i framtida, seier ho.

Meiner Navarsete bommar

– At Liv Signe Navarsete er imot Politireforma er godt kjent, men i denne saka bommar ho grovt, seier stortingsrepresentant Frida Melvær (H).

Melvær meiner denne saka ikkje har noko med Politireforma å gjere, og seier arrestsituasjonen i Sogn er den same i dag som den var før reforma vart innført.

Frida Melvær

AVVISER KRITIKKEN: Frida Melvær er stortingsrepresentant for Høgre.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Det er såleis heilt ubegripeleg at Navarsete brukar denne saka til å illustrere sin motstand mot reforma.

At arrestsituasjonen i Sogn kan vere utfordrande har ho likevel forståing for.

– I budsjettet for 2020 vil Venstre, KrF, Høgre og Frp styrke politidistrikta og GDE-ane særskilt, men fordelinga av løyvingane innanfor kvart politidistrikt vil likevel vere opp til politiet å prioritere, seier Melvær.

– Situasjonen er utfordrande

– Det er mi klare meining at det ofte er folk me burde ha sett i arrest som ikkje endar der, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

VARSKU: – Det er mi klare meining at det ofte er folk me burde ha sete i arrest som ikkje ender der, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Foto: Truls Kleiven / Truls Kleiven

Han kallar bilturen frå Årdal til Lærdal til Voss til Bergen «eit godt døme på utfordringane me står overfor».

Me har sjølvsagt alltid eit ønske om meir bemanning, men dette handlar eigentleg om arrestsituasjonen og korleis den er organisert.

Også tenestestadsleiar Magne Knudsen i Årdal reagerer:

– Eg synst det er forferdeleg at me ikkje kan få ei oppegåande ordning slik at me kan ha ein slik arrest i Sogn. Eg har sagt frå internt kva eg meiner, seier han til Porten.no.