Hopp til innhold

Politisjef meiner Listhaug øydelegg etterforsking når ho kallar overgriparar for monster

FØRDE (NRK): Politiinspektør Arne Johannessen går i strupen på sin eigen sjef, justisminister Sylvi Listhaug (Frp). Han meiner ho kan øydeleggje etterforskinga til politiet når ho kallar overgriparar for monster.

Arne Johannessen er politileiar i Sogn og Fjordane

KRITISK: Justisminister Sylvi Listhaug (Frp) bryt med politiet sine kjerneverdiar når ho karakteriserer seksuallovbrytarar som monster, seier politiinspektør Arne Johannessen. Korleis vil ho karakterisere drapsmenn eller skattesnytarar, spør Johannesen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er ikkje eit godt bidrag i den viktige kampen mot seksuelle overgrep mot barn å karakterisere desse overgriparane for monster. Det kan vere øydeleggjande for etterforskingsarbeidet og det er ikkje tillitskapande, seier Johannessen, som i mange år var leiar i Politiets Fellesforbund.

No er han politiinspektør i Sogn og Fjordane. Det var sist veke den ferske justisministeren frå Frp gjekk ut og karakteriserte dei som gjer seg skuldig i seksuelle overgrep mot barn som monster.

– Brot på kjerneverdiar

Johannessen viser til at politiet har ein grunnleggjande kjerneverdi som heiter respekt. I eit innlegg på Politiforum sine nettsider og fleire aviser går han grundig inn i det han meiner.

– Alle som jobbar i politiet veit verdien av å syne respekt i yrkesrolla. Det er ein kjerneverdi i rettsstaten og grunnlaget for at politiet har stor tillit i samfunnet. Denne kjerneverdien må ikkje minst justisministeren sjølv støtte opp om, seier han.

Det at politiet har tillit i samfunnet er avgjerande for at ein skal få ut informasjon frå gjerningspersonar. Utspelet frå Listhaug skaper ikkje tillit, meiner Johannessen.

Sylvi Listhaug.

AVVISER KRITIKK: Når det gjeld pedofile overgriparar som valdtek born eller bestiller overgrep på nett, så gjer dei noko av det verst tenkelege ein kan gjere. Dei er monster, meiner justisminister Sylvi Listhaug (Frp).

Foto: NRK

Har fått mykje støtte

Johannssen er tidlegare lokalpolitiar for AP, men har ikkje lenger politiske verv. Han fortel at han har fått veldig mange tilbakemeldingar frå politikollegaer som er veldig glade for at han tek oppgjeret.

Johannesen fryktar Listhaug vil gå ut og karakterisere også andre lovbrytarar.

– Kva merkelapp vil ho gje drapsmenn eller til dømes skattesnytarar, spør Johannesen.

Han håper Listhaug vil gå ut offentleg og korrigere språkbruken sin.

Du går ut med offentleg kritikk av din eigen sjef. Fryktar du korreks og at du blir kalla inn på teppet av Listhaug?

– Nei, eg fryktar ingenting. Vi lever i eit ope demokrati og det må vere lov å ytre seg, noko eg gjer når det er behov for det. Eg håper det var ein nybyrjarfeil av ministeren, at ho har lært, seier Johannessen.

Nektar å beklage monster-uttrykk

Listhaug har heile vegen halde på at bruken av monster-uttrykket er korrekt, og at ho ikkje vil beklage ordbruken. Ho peikar på at intensjonen var å setje overgrep mot barn på dagsorden.

– Når det gjeld pedofile overgriparar som valdtek born eller bestiller overgrep på nett, så gjer dei noko av det verst tenkelege ein kan gjere. Dei er monster, skriv Listhaug i ein e-post til NRK.

Ho meiner diskusjonen om retorikk er ei avsporing som set gjerningsmannen i sentrum, i staden for dei som burde løftast fram, nemleg dei forsvarslause borna. Listhaug lovar å bruke hard tale også i tida som kjem.

Statssekretær Sveinung Rotevatn (V), som tidlegare har vore svært kritisk til Listhaug sin retorikk, vil ikkje kommentere saka.