Hopp til innhold

Politireforma: Sogn og Fjordane og Hordaland blir eitt distrikt

Regjeringa føreslår samanslåing av dei to distrikta, men vil ikkje la politidirektøren og politimeistrane stå heilt fritt til å velje kor mange lensmannskontor det blir.

Erna Solberg
Foto: Birger Kjølberg / NRK

Reforma kuttar talet politidistrikt frå dagens 27 til 12. Politidirektoratet ska bestemme administrasjonsstad i kvart distrikt.

Statsminister Erna Solberg (H), justisminister Anders Anundsen (Frp) og Iselin Nybø (V) presenterte forslaget til politireforma i dag.

Frå 27 til 12 politidistrikt

Justis- og beredskapsdepartementet sette i november 2012 ned eit utval som skulle analysere utfordringane i norsk politi. Analysen vart utarbeida med 22. juli-kommisjonen sin sterke kritikk mot politiet som bakgrunn. Utvalet la fram sin rapport i juni 2013, og anbefalte der at ein skulle gå frå 27 til seks politidistrikt i landet.

Regjeringa har landa på eit forslag som er nærare «mellomalternativet» i rapporten, og går for 12 politidistrikt, der Sogn og Fjordane og Hordaland blir eitt, men Sunnhordland går sørover til Rogaland.

Statsminister Erna Solberg kalla det ei tryggleiksreform og nærpolitireform på sin presentasjon under pressekonferansen.

Står ikkje fritt til å velje talet lensmannskontor

Tanken bak reforma er at færre politidistrikt skal bety fleire patruljar på hjul og kortare responstid, men reforma har møtt motstand frå mange hald. Fleire meiner færre distrikt og færre tenestestader ikkje vil sikre god nok beredskap og at større regionar ikkje vil vere gode nok på lokalkunnskap.

Det er i dag 354 tenestestader i landet, og det er knytt stor spenning til kor mange av lensmannskontor og politistasjonar som overlever reforma.

Under pressekonferansen sa justisminister Anders Anundsen at 210, som politianalysen anbefalte, er for lågt. Men det blir færre enn 354.

Politimeistrane og politidirektøren står ikkje heilt fritt til å sette talet. Regjeringa vil ikkje sette eit tak eller mål. Kommunane skal vere med på vurderingar.

Reforma legg opp til at 90 prosent av innbyggjarane i kvart politidistrikt ikkje skal ha meir enn 45 minuttar køyring til nærmaste tenestestad.

Stortinget skal ta stilling til forslaget frå Regjeringa og Venstre i vår.