NRK Meny
Normal

Politireform i Sogn trass i at Aurland får behalde lensmannskontoret

Lensmannskontora i Sogn vil i framtida få løyvd midlar som ei eining med hovudsete i Sogndal. Regionlensmann Arne Johannessen blir sentral når pengane skal fordelast.

Arne Johannessen

SKUFFA: Regionlensmann Arne Johannesen synest det er utfordrande å skulle effektivisere når Indre Sogn får behalde kontora i Aurland og Årdal.

Foto: Christian Blom / NRK

– Det er ikkje gitt at alle skal ha oppmøte på det kontoret dei jobbar på i dag, seier regionlensmann Arne Johannessen.

Han legg ikkje skjul på er skuffa over at Aurland-kontoret no blir freda. Tidlegare vart det kjent at også Årdal får behalde sitt kontor. Både politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt og Politidirektoratet har gått inn for å samlokalisere lensmannskontora i Aurland og Årdal med kontoret i Lærdal.

Johannessen seier at krav om effektivisering og ein annan bruk av ressursane ligg i botnen for ønsket om å sentralisere lensmannskontora i Sogn.

Eitt politidistrikt

– Vi kjem til å få eit politidistrikt som heiter Sogn politidistrikt, og hovudsetet vert i Sogndal. Så blir det kontor i Årdal, Lærdal, Vik og Aurland i tillegg, seier Johannessen.

Arne Johannesen, forhandlingsleder i UNIO

FORDELING: Arne Johannesen skal, saman med lokale lensmenn, avgjere korleis ressursane skal fordelast i Sogn politidistrikt.

Foto: Johan B. Sættem

Regionlensmannen, som sjølv ønska ei sentralisering, skal i samarbeid med dei lokale lensmennene finne ut korleis ressursane skal brukast på best vis.

– Det kan bety at vi ikkje skal ha lensmann på kvart kontor. Då kan vi heller ha ein politioverbetjent som fungerer som dagleg leiar på kontoret. Det er ei moglegheit som har opna seg med nye retningsliner, fortel Johannesen.

– Elles kan vi og å sjå på om det er mogleg å samle ressursane på andre område. Vi kan til dømes samle fagmiljøa i samband med det som vert kalla sivil rettspleie, seier Johannessen.

Respekterer vedtaket

Han seier at han respekterer vedtaket om å behalde lensmannskontora i Aurland og Årdal, sjølv om han synest det er utfordrande.

– Eg er ikkje av dei som jubla over at vi skal ha tre kontor i indre Sogn, men vi må forhalde oss til det vedtaket som er fatta, seier Johannsen.

Les også: Lovar at pengar spart skal kome innbyggjarane til gode

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå