Hopp til innhold

Politioppdrag: Fyll, vald og ulovleg køyring

Overstadig rusa, valdsbruk, tjuveri og avskilting var nokre av oppdraga politiet har vore ute på i natt.

Politi - illustrasjonsfoto

VALD: Like etter midnatt vart ein mann i 40-åra sett i arresten etter valdsbruk mot eit familiemedlem.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Politiet i heile Sogn og Fjordane har vore på oppdrag i løpet av natta.

05.15 i Florø: Ein mann i slutten av tenåra er meld og fråteken førarkortet etter skrensing og «burnout» i sentrum.

02.13 i Øvre Årdal: Politiet stoppa ein moped med to ungdommar på. Passasjeren fekk eit gebyr for å ikkje ha brukt hjelm. Føraren fekk eit forenkla førelegg for å ha køyrt med passasjer.

02.02 i Sogndal: Ei overstadig rusa kvinne i 30-åra vart sett i arresten fordi ho ikkje var i stand til å ta vare på seg sjølv.

01.44 i Førde: Ein rusa mann i 20-åra vart sett i arresten etter tjuveri.

00.39 i Florø: Ein rusa mann i 40-åra vart sett i arresten etter valdsbruk mot eit familiemedlem.

00.01 i Vik: Ein bil som ikkje hadde vore på EU-kontroll vart avskilta.

23.09 i Sogndal: Politiet måtte køyre heim ein rusa mann i slutten av tenåra.

22.37 i Florø: Politiet avskilta ein bil i Botnavegen. Bilen var ikkje forsikra.

Laster Twitter-innhold