Hopp til innhold

Politinatta

Politiet i Nordfjord melder om ein naudrakett som vart skoten opp på Raudeberg, men ingen var i naud. Ein patrulje måtte også roe ned ein gjeng i Stryn som gjerne ville slåst. I Sunnfjord blei det gjennomført ein promillekontroll, på E39 i Førde, og ingen bles raudt. Politiet måtte dempe høg musikk frå ein bustad i Førde, og hindre slåsting i Førde sentrum, melder dei sjølve. I Sogndal vart ein person slått til på ein utestad. Dette følgjer politiet opp over helga.