Hopp til innhold

Politimelder Eras Metal

SFT skuldar verksemda for ulovleg utslepp i Høyangerfjorden.

Eras Metall i Høyanger
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Forureiningstilsynet meiner Eras Metal slapp ut 15 tonn blyhaldig slurry i Høyangerfjorden i september fjor, melder NTB.

- Bly er gift

- Me ser alvorleg på utsleppet. Bly vert ikkje borte, og det er giftig, seier senioringeniør Bente Sleire i SFT.

Slurryen stammar frå produksjon av sinkoksid og inneheld om lag 125 kilo bly. Matilsynet åtvarar innbyggarane mot å eta blåskjel frå fjorden.