Hopp til innhold

Pelsdyropprettar går til politimelding av dyrevernarar

Pelsdyropprettar i Lærdal går til politimelding av dyrevernarar. Han føler seg ærekrenka og meiner dyrevernarane driv med løgn.

Ivar Molde

GÅR TIL POLITIMELDING: Ivar Molde er ein av 40 pelsdyropprettarar som har fått besøk av dyrevernarar. Han har gått til politimelding.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dei fortel ikkje sanninga når dei legg ut bilete. Eg står med rak rygg og har ikkje gjort noko gale, seier Molde til NRK.no.

Ivar Molde driv den eldste pelsdyrfarmen i landet, og har i dag over tusen revar. Han er den einaste pelsdyropprettaren i Sogn og Fjordane som har fått uventa besøk av dyrevernarar.

Har ikkje dårleg samvit

Søndag viste NRK Dagsrevyen og NRK.no fram sterke bilete og videoar av sjuke og skadde dyr på 40 ulike pelsdyrfarmar rundt om i landet.

Nokre av dyrene hadde avbitne halar og føter, medan andre hadde store sår og infeksjonar i augene.

– Eg blei steik forbanna når eg såg det, seier Molde.

– Eg har ikkje snev av dårleg samvit, for eit sjukt dyr kan like godt vere ein sjuk rev, ein sjuk sau eller ei sjuk ku. Alle dyr har lov å bli sjuke, men dei må ha lov til å bli friske igjen også.

I dag har Molde politimeldt dyrevernarane for å ha brote seg inn på garden og ærekrenka han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rev med skade på ryggen

SKADD: Denne reven er fotografert hos Ivar Molde i Lærdal.

Foto: Nettverk for dyrs frihet

– Dyra har det heilt topp

For to veker sidan viste Molde stolt fram garden sin då NRK laga reportasje om gode prisar i næringa . (Sjå video nederst i artikkelen). No ligg det ute bilete og videoar på nettet av tilsynelatande skadde dyr.

Molde seier dei sjuke revane på bileta i dag lever i beste velgåande og var under behandling då bileta vart tekne.

– Dyrene har det heilt topp. Det er mellom anna filma ein blårevkvalp som hadde eit stort sår bak på ryggen, men i dag er den blårevkvalpen den største eg har i garden min, seier Molde.

Vil ta knekken på næringa

Tone Andal frå Måløy er med i Nettverk for dyrs frihet. Ho har ikkje vore på garden i Lærdal, men har teke bilete frå gardar elles i landet.

– Målet er å ta knekken på pelsdyrnæringa, og vi kjem til å fortsette heilt til kvar einaste farm er nedlagt. Dette kan ikkje fortsette. Det må snart ta slutt, seier Andal til NRK.no.

Video efffe207-75d7-4a5a-ae22-7dbd3d671b8a.JPG

DAGSREVYEN 31.10.10: Skjulte opptak viser sjuke og skadde pelsdyr.

Video 2f799b4d-f49d-4916-92f6-d54ae39f95e1.jpg

TO VEKER SIDAN: Ivar Molde viste stolt fram garden sin i samband med at pelsdyrnæringa er inne i ein ny gullalder.