Hopp til innhold

Varslar tøffare linje - på berre 36 timar skreiv dei fem politimeldingar for ulovleg transport

Statens vegvesen strammar strikken for utanlandske transportørar som skal drive transport i Norge. Blir dei stoppa utan dei rette papira blir dei politimelde tvert.

Jan Ove Bjørgum og Bjarte Frækaland på Håbakken kontrollstasjon

TØFFARE LINJE: I løpet av 36 timar skreiv kontrollørane på Håbakken ut fem politimeldingar for ulovleg transport utført av utanlandske firma.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Toget har gått om sjåføren kjem i kontroll og manglar dei rette dokumenta, seier koordinator for utekontrollørane i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Bjarte Frækaland.

Han og kollegaene i Sogn står bak mange av politimeldingane for ulovleg transport utført av utanlandske transportørar i Norge. Alt tyder på at talet politimeldingar i år vil nå nye høgder.

– Det vil nok bli ein god del saker i år, ja, seier inspektøren.

Politimelder stadig fleire

Om du ferdast på vegen kan det hende du har lagt merke til det, det blir stadig fleire utanlandske vogntog langs norske vegar. Dei kan komme til landet med alt frå frukt til industrigods, og seinare på ta seg oppdrag mellom destinasjonar i Norge.

Reglane for slik kabotasjekøyring seier at utanlandske transportørar må ta seg inn over grensa med internasjonal last, før dei kan ta på seg inntil tre oppdrag i Norge. Oppdraga i Norge må skje innafor ein periode på sju dagar, og det blir også stilt krav om at oppdraga er av tilfeldig karakter. Etter denne perioden må utlendingane ut av landet igjen.

Men slett ikkje alle gjer ting etter reglane, og i perioden 2012 og fram til og med november 2013 hadde Vegdirektoratet registrert 75 politimeldingar. Talet politimeldingar har dermed gått kraftig opp dei siste åra.

I februar vart det kjent at to utanlandske transportselskap fekk til saman 900.000 kroner i bot for ulovleg transport i Norge.

(Artikkelen held fram under)

Skilt som varslar kontroll av tunge køyrety, ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

KONTROLL: Slik blir førarar av tunge køyretøy varsla om kontroll ved Håbakken kontrollstasjon på E16 i Lærdal.

Foto: Anna Gytri / NRK

Fem politimeldingar på 36 timar

Berre i Statens vegvesen sin region Vest (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) politimelde dei 22 slike saker i fjor. Ein fjerdedel ut i 2014 har talet ifølgje Bjarte Frækaland allereie kome opp i tosifra.

Frå midt på dagen onsdag til midnatt natt til fredag denne veka køyrde Vegvesenet kontinuerleg kontroll på Håbakken ved E16 i Lærdal.

I løpet av dette halvanna døgnet skreiv kontrollørane fem politimeldingar for ulovleg transport utført av utanlandske selskap.

– Det er eit forholdsvis høgt tal, seier inspektør Bjarte Frækaland.

Har lagt seg på ei tøffare linje

Han fortel at Vegvesenet i regionen har lagt seg på ei langt tøffare linje den siste tida.

– For å kunne køyre desse tre turane i Norge må sjåføren ha med seg eit fraktdokument som dokumenterer at han har hatt med seg ei internasjonal last inn til Norge. Dette er det krav om.

– Som regel har sjåførane med seg denne dokumentasjonen, men i løpet av kontrollen denne veka var det fem stykk som mangla dokumentasjon på grensekryssande last, forklarar Frækaland.

Dette er ikkje noko nytt, og fleire gonger tidlegare har sjåførane ettersendt eit dokument som skal bevise at dei har kryssa grensa med last. Altså etter Vegvesenet har påpeika at dette manglar.

(Artikkelen held fram under)

Bjarte Frækaland

SIGNALEFFEKT: Inspektør Bjarte Frækaland i Statens vegvesen håpar dei når til sjåførar og firma når dei no har valt å følgje ei tøffare linje.

Foto: Anna Gytri / NRK

Trur ettersende dokument kan vere falske

– Men no har vi blitt tøffare, no går ikkje dette lenger. Manglar dokumentasjonen når kontrollen er starta, så blir det politimelding med det same og dei får ikkje køyre vidare med det lasset dei har på bilen, seier Frækaland.

– Mistenkjer de at dei papira de til no har fått ettersendt har vore fabrikkerte papir, eller er det reelle papir som dei av ein eller annan grunn ikkje har hatt med seg?

– Noko av det kan vere reelle papir, ved at dei har blitt gløymt att på eit kontor eller i ein annan bil. Men noko er nok fabrikkerte papir, det har vi avslørt fleire gonger, seier Frækaland.

Dette kan til dømes avslørast ved at Vegvesenet går køyre- og kviletida nærare i saumane. Sjåføren skal til dømes registrere kva land han startar køyringa i.

Dersom kontrollørane ser at sjåføren har vore i Norge på det tidspunktet han ifølgje dokumentet skal ha kryssa grensa med internasjonal lass, anar Vegvesenet sine folk ugler i mosen.

NRK har tidlegare fortalt at Norges Lastebileigarforbund meiner utanlandske selskap systematisk misbruker reglane for å ta transportoppdrag i Norge. Dei viser til at stadig fleire vogntog passerer nesten tomme over grensa, for så å kunne ta på seg lønsame transportoppdrag i Norge.

– Kan ikkje kome hit utan papira i orden

I alle dei fem tilfella som vart avslørte denne veka var sjåførane innanfor regelverket med tanke på talet turar i løpet av ei veke. Men dei kunne altså ikkje bevise at dei hadde kryssa grensa, og på den måten hadde lov til å drive innanlandstransport i det heile.

Frækaland seier Vegvesenet registrerer at omfanget av transport utført av utanlandske selskap i Norge er relativt stort. Han seier det ikkje er rett overfor transportørar som opererer lovleg, både norske og utanlandske, at nokon ikkje følgjer reglane.

– Vi ønskjer å vere rettferdige overfor alle transportørar, både norske og utanlandske. Difor har vi blitt tøffare, og vi håpar dette gir signal som får alle til å følgje reglane, seier Frækaland.

– Og vi håpar sjåførane forstår at dei ikkje kan kome til kontrollstasjonane i vår region utan papira i orden, understrekar han.

I løpet av kontrollen denne veka politimelde Vegvesenet også to sjåførar for brot på køyre og kviletida, og for å ha køyrt på ein annan sjåfør sitt kort. Den eine av desse, ein tsjekkisk sjåfør, rygga først frå kontrolløren på E16, før han dagen etter forsøkte seg på sidevegen. Men der vart han stogga.