Hopp til innhold

Politimeld for 23 kattedrap

Ei kvinne på Leikanger har det siste året teke livet av 23 kattar. Det vart for dryg kost for Dyrebeskyttelsen, som no har politimeld kvinna.

Tre kattar (ein i felle)
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Ho har avliva kattar utan løyve, og det er ikkje lov å ta seg til rette og avlive andre sine kattar, seier Randi Aarethun i Dyrebeskyttelsen.

- Men er ikkje dette villkattar?

- Kven veit det? Og kva er ein villkatt? Det er ingenting som heiter villkatt.

- Katteeigarane si skuld

For Dyrebeskyttelsen eksisterer ikkje omgrepet villkatt. For dei er det snakk om heimlause dyr, og Aarethun seier det er katteeigarane sitt ansvar å ta vare på dei. Ho meiner problema i byggjefeltet Leite på Leikanger kunne vore unngått dersom folk frå byrjinga av hadde sett i verk tiltak.

Miste kontrollen

Kvinna som no er meld til politiet for drap på heimlause kattar vil ikkje la seg intervjue. Men ho seier til NRK at ho i utgangspunktet er glad i dyra, men at ho i ein periode vart litt for ivrig med å mate dei. Dette gjorde til at problema berre vart større og større for huseigarane i byggjefeltet på Leikanger. For eitt år sidan innsåg også kvinna alvoret, og utan løyve frå Mattilsynet gjekk ho til verket og tok livet av 23 kattar. 15 i fjor og åtte i år.

- Det gjekk nesten ikkje an å bu i huset til slutt. Vi måtte berre kvitte oss med dei ville dyra, seier kvinna, som ei stund vurderte å flytte frå byggjefeltet.