Hopp til innhold

Politimeisteren tek sjølvkritikk

Tal nakrotikalovbrot er det lågaste på 11 år for Sogn og Fjordane. Årsaka er dårleg innsats frå politiet si side.

Politimeister Johan Brekke

SJØLVKRITIKK: Politimeister Johan Brekke tek sjølvkritikk for dårleg innsats mot narkotika og stiller spørsmålsteikn ved innsatsen mot promillekøyrarane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I fjor vart det registrert 391 narkotikasaker. Ein kraftig nedgang frå 2009. I sin eigen årsstatistikk tek politiet sjølvkritikk for dårleg innsats.

Politimeister Johan Brekke har både ambisjonar og forventing til betre resultat for inneverande år.

- Det er ingen haldepunkt for å hevde at omfanget på denne type kriminalitet gjekk tilsvarande tilbake, skriv han.

Dårleg innsats?

Ifølgje politimeisteren er det fleire grunnar til at innsatsen framstår som dårleg. Han nemner mellom anna ressurssituasjon og andre store utfordringar.

- I 2010 skuldast svake tal mellom anna utskifting av personar i sentrale posisjonar, og dermed noko tap av kompetanse og/eller initiativ. Vidare er det eit faktum at førebuing og overgang til ny organisasjon, har kravd mykje tid, skriv han.

Stiller spørsmål

Også statistikken for promillesaker gjekk ned frå 2009 til i fjor. Då registrerte politiet 151 promillekøyrarar. Det var derimot ein auke i tal promillekøyrarar tekne i kontrollar.

Politimeisteren viser til ei undersøking gjort av NAF og NRK. Den viser at omfanget med promillekøyring mellom anna er langt meir utbreidd på landsbygda enn i byane .

- Det kan difor vere ein viss grunn til å stille spørsmålsteikn ved om vår innsats for å luke ut promillekøyring er riktig lagt opp, skriv Brekke.

Lang sakshandsaming

Kriminalåret vi har lagt bak oss viser også rekordlåge vinnings- og valdstal, og det lågaste tal omkomne i trafikken sidan 2001. Tradisjonen tru er oppklaringsprosenten heilt i landstoppen med 52,8.

Sakshandsamingstida på 144 dagar er derimot svært langt frå målsetninga.

- Landssnittet låg på 122 dagar. Ein vesentleg årsak til dette er å finne etterslep av gamle saker som vart sluttført i 2010, skriv Brekke.

Lågast sidan 2000

Totaltsett opplevde politidistriktet den største tilbakegongen frå eitt år til eit anna i heile perioden. 4 311 lovbrot er det lågaste talet sidan 2000. Vinning er framleis den største gruppa

- Den viktigaste enkeltårsaka til dette er at vinningslovbrot avtek sterkt. Frå 2008 til 2009 auka talet markert, etter fleire års jamn nedgang, ei utvikling vi også såg på landsbasis, seier politimeisteren.

Meir vald i Nordfjord

Flora og Førde toppar valdsstatistikken i fylket. Medan dei fleste største stadane i distriktet har nedgang, t.d. Førde med 30 prosent, har både Stryn og Eid opplevd ein liten auke.

Politiet viser også til at dei får stadig fleire tilfelle der dei får kjennskap til vald i nære relasjonar og startar etterforsking.