Hopp til innhold

Politimeisteren legg seg flat etter at politiet ikkje rykte ut

– Vi skulle sjølvsagt rykt ut med ein gong til bussulukka i Stryn. Det held ikkje å skulde på anstrengt økonomi.

Buss utforvegen ved Dispen i Stryn

SJOKKERTE PASSASJERAR: Dei 55 passasjerane måtte konstatere at politiet ikkje rykte ut rett etter bussulukka. Først etter å ha vorte kjend med utforkøyringa gjennom media kom politiet til ulukkesstaden.

Foto: Reidar Nesje

Dette seier politimeister i Vest politidistrikt, Kåre Songstad.

Bussdøra og delar av golvet vart rive av då livredde passasjerar kjende at bussen skar ut av vegen, hoppa ut på ei grasmark og stoppa først etter 138 meter.

Buss køyrde av vegen

SJOKKERTE PASSASJERAR: Slik såg bussen ut etter at den køyrde av vegen.

Foto: Reidar Nesje

Den dramatiske utforkøyringa skjedde på riksveg 15 i Stryn måndag førre veke.

Politiet sin operasjonssentral i Bergen fekk melding om ulukka like etterpå, men meldinga vart ikkje send vidare til lokalt politi i Stryn.

Vart kjend med ulukka gjennom media

Først fleire timar etterpå, etter å ha vorte merksam på ulukka via media, rykte lokalt politi ut. Saka har skapt sterke reaksjonar, der mellom andre einingsleiar Arne Johannesen i Sogn og Fjordane har vore svært kritisk til at lokalt politi ikkje vart varsla.

Einingsleiar for operasjonssentralen i Bergen, Morten Ørn, uttalte tidlegare i veka at anstrengt økonomi i politidistriktet, med eit overforbruk på 16 millionar kroner i fjor, medverkar til tøffe prioriteringar på operasjonssentralen.

– Økonomi er heile tida det styrande. Hadde det berre vore politifaglege vurderingar, ville det vorte enkelt, sa Ørn.

Meiner økonomi ikkje er viktigast

Politimeister Songstad meiner det blir for enkelt å skulde på dårleg økonomi.

– Økonomien er slett ikkje det viktigaste i desse sakene. Det handlar mellom anna om når politiet tek ut mannskap på reserveteneste. Økonomi er berre eitt av fleire moment som skal vurderast, seier han.

Politimeisteren viser vidare til at rutinane no er justert, slik at terskelen for å be lokalt politi rykkje ut er lågare.

Beredskapsdirektør Kåre Songstad

TEK SJØLVKRITIKK: Politiet burde sjølvsagt rykt ut med ein gong i samband med bussulukka i Stryn, seier Kåre Songstad, politimeister i Vest politidistrikt.

Foto: Alv Vidar Snæland

Samtidig påpeikar Songstad at politiet hadde rykt ut mykje oftare dersom berre politifaglege omsyn låg til grunn.
– Vi har ikkje store nok ressursar til å rykkje ut på alt. Difor må vi velje kva vi skal rykkje ut på. Politiet sine arbeidstidsreglar spelar også inn, seier han.

Like etter bussulukka i Stryn såg det ut til at ingen av dei 55 passasjerane var skadde, men NRK kjenner til at minst ein har vore til legen med smerter i nakken etter utforkøyringa.