Hopp til innhold

Han får krass kritikk for å halde tilbake informasjon om responstid

Politimeisteren i Sogn og Fjordane nektar å gje ut bakgrunnsinformasjon om politiet si responstid. No blir han skulda for å skjule viktig informasjon.

Johan Brekke

FÅR KRASS KRITIKK: Politimeister Johan Brekke får krass kritikk fordi han ikkje vil gje ut bakgrunnsinformasjon om politiet si responstid.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Den siste månaden har politiet i Sogn og Fjordane registrert kor lang tid dei brukar frå alarmen går til dei er på plass. Politimeister Johan Brekke har sagt at den gjennomsnittlege utrykkingstida er på 30 minutt.

Men han vil ikkje seie noko om kor lang tid det tek å rykkje ut til distrikta. Det er totalt uakseptabelt, meiner Steinar Ness. Den tidlegare generalsekretæren i Senterpartiet er svært kritisk til Brekke si handtering av saka.

– Eg synest det er svært beklageleg.

– Politiet har ansvar for lov og rett i samfunnet, og vi må kunne vente at politiet er opne og ærlege om viktig informasjon som vi som innbyggjarar har krav på i forhold til politiet sitt arbeid, seier Ness til NRK.no.

Brukar rundt ein halvtime i snitt på utrykkingar

I etterkant av Gjørv-kommisjonen sin rapport om 22. juli har krav om maksimal utrykkingstid for politiet vore eitt heitt tema i etaten. Ein av hovudkonklusjonane i rapporten var at det bør stillast krav til kor lang tid politiet kan bruke på utrykkingar.

I Sogn og Fjordane har politimeisteren no teke kommisjonen på ordet. Han har bestemt at politiet i fylket frå nyttår skal ha eit slikt krav til responstid.

I fire veker har politiet sett nærare på kor lang tid dei faktisk bruker frå dei får melding om ei hending, til dei er på plassen. Etter å ha målt responstida i nær ein månad fortalde politimeister Brekke at politiet i Sogn og Fjordane i snitt brukar rundt ein halvtime på utrykkingar.

– Slik det ser ut så langt så ligg snittida på utrykking i underkant av ein halv time, 27 minutt om eg hugsar rett, sa politimeisteren til NRK.no i slutten av september.

– Er du nøgd med det?

– Slik fylket er, stort geografisk, vanskeleg kommunikasjon og for få politifolk, så er det ikkje sikkert at det er så ille, svarte Brekke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinar Ness

KRITISK: Steinar Ness, som er tidlegare generalsekretær i Senterpartiet, skuldar Brekke for å halde viktig informasjon skjult.

Foto: Bård Siem / NRK

Veit korleis tala kan misbrukast

Men bakgrunnsinformasjonen om korleis politiet har kome fram til dette talet, og kor lang tid responstida er ute i lensmannsdistrikta, det vil ikkje politimeisteren gå ut med.

At Brekke held denne informasjonen tett til brystet er svært kritikkverdig, meiner Steinar Nes,s som er tidlegare generalsekretær i Senterpartiet. Ness seier han sjølv har arbeidd med tal og statistikk i 30 år.

– Eg veit det meste om korleis ein kan bruke og misbruke denne type tal og statistikk, seier han og kjem med følgjande døme.

Brukar rundt ein halvtime i snitt på utrykkingar

– Sett at det skjer ei alvorleg hending på Stadlandet eller i Solund, der nokon blir slått helselause. Då er det ikkje hjelp i at politiet er framme etter ti minutt i Florø, Førde og Sogndal, eller at det er 30 minutt i gjennomsnitt i Sogn og Fjordane, seier Ness.

Senterparti-politikaren meiner det difor er avgjerande at ein veit meir om kor lang tid det faktisk tek å rykkje ut til hendingar i utkantane.

– Vi må vite korleis utrykkingstida er i desse delane av fylket også, og kor vidt politimeisteren meiner den tidsbruken er akseptabel, seier Ness.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alexandra Bech Gjørv

RAPPORT: Alexandra Bech Gjørv var leiar i 22. juli-kommisjonen som kom med knallhard kritikk av politiet etter 22. juli.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Skuldar Brekke for ukultur

Ness seier vidare at hemmeleghaldet om bakgrunnsinformasjonen tyder på at politimeisteren ønskjer å halde noko skjult.

– For meg er det heilt openbert at desse tala viser ting som ikkje passar inn i det biletet som politimeisteren ønskjer å teikne av politiet i Sogn og Fjordane.

Han kjem vidare med ein knusande dom over handlemåten.

– Eg beklagar å måtte seie det, men eigentleg står politimeisteren her for litt av den type leiing, haldningar og kultur som Gjørv-kommisjonen i sin rapport kritiserer politiet for, seier Ness til NRK.no.

Slår hardt tilbake mot kritikken

Politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, reagerer sterkt på kritikken frå Steinar Ness. Spesielt på skuldingane om at han står for ein type leiarkultur i politiet som Gjørv-kommisjonen har kome med krass kritikk mot.

– Det synest eg faktisk er ei ganske alvorleg skulding. Og det stemmer ikkje i det heile teke, seier Brekke.

Han meiner både han og dei andre medarbeidarane i politidistriktet har vore meir opne i forhold til media enn andre og meiner kritikken er urimeleg.

– Har teke Gjørv-kommisjonen på alvor

På spørsmål om kva som er problemet med å la ålmenta få innsyn i bakgrunnsinformasjonen for responstida, viser Brekke til paragraf 14, første ledd i offentleglova. Den seier at ein kan nekte innsyn i dokument som er utarbeidde til internt bruk.

– I den grad vi skal informere meir om det, så vil informasjonen kome frå politiet, seier Brekke og fortel at dei no har bestemt seg for å måle responstida i ein månad til.

– Ness skuldar politiet for ikkje å vere opne og ærlege?

– Det stemmer ikkje med verkelegheita. Vi har teke Gjørv-kommisjonen på alvor, sett ned ei gruppe som skal sjå på tiltak som skal betre mellom anna responsevne og responstid.

– I strid med regjeringa sin politikk

Ness på si side svært misnøgd med Brekke.

– Når politimeisteren legg opp til å leggje ned ti lensmannskontor i Sogn og Fjordane, og heilt tydeleg ønskjer å bruke desse tala og denne statistikken i samband med det. Då fører han ein politikk som er stikk i strid med den raudgrøne regjeringa sin politikk.