NRK Meny
Normal

Politimann framleis suspendert

Politimannen som er skulda for familievald er framleis suspendert. Dette trass i at statsadvokaten har lagt bort saka.

Mette Yvonne Larsen

SAKA LAGT VEKK, FRAMLEIS SUSPENDERT: Mette Yvonne Larsen er advokat for den suspenderte politimannen.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Det var ekskona som melde politimannen frå Sogn og Fjordane til politiet i april i fjor. Ho var saman med politimannen frå 2006 til 2011. Kvinna hevdar å ha vore utsett for fysisk og psykisk vald. Politimannen har heile tida nekta straffskuld. Ifølgje forsvarar Mette Yvonne Larsen meiner politimannen at skuldingane kjem som følgje av ei barnefordelingssak.

Politimannen har vore under etterforsking sidan han vart meld i april i fjor. I førre månad innstilte politiadvokaten på at det skulle takast ut tiltale for brot på straffelova, paragraf 219, såkalla familievald. Då vart politimannen også suspendert frå stillinga i politiet.

Statsadvokaten kom derimot sist veke fram til at saka skulle leggjast vekk. Kvinna har på si side bestemt seg for å påklage saka til riksadvokaten.

Frå Vest politidistrikt får NRK opplyst at suspensjonssaka mot politimannen skal opp til tilsetjingsrådet den 28. november. Då vil det bli avgjort om han får kome tilbake på jobb eller om han vil vere vidare suspendert.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.