NRK Meny
Normal

Politimangel i Gulen og Solund

Lensmannskontora i Gulen og Solund slit med dårleg bemanning. Lensmann Henry Indrebø ser alvorleg på situasjonen.

Lensmann Henry Indrebø
Foto: NRK

I Gulen har dei ikkje fått ein einaste søkjar til ei førstebetjentstilling som har vore ledig i fem månader, og til hausten vil óg ei politistilling i Solund stå tom.

No står dei i fare for å måtte stengje kontoret enkelte dagar, fortel lensmann Henry Indrebø.

- Vanskeleg å fylle stillingane

Gulen lensmanndistrikt sorterer under Hordaland, men omfattar lensmannskontora i Gulen og Solund, i tillegg til Masfjorden i Hordaland. Alle dei tre kontora slit med bemanninga. I Gulen har dei vore utan førstebetjent i fem månander, og til hausten misser Solund ein førstebetjent. Indrebø trur det blir vanskeleg å fylle også den stillinga. Han ser alvorleg på situasjonen.  

Problem i Bremanger og Høyanger óg

Enkelte mindre lensmannskontor i Sogn og Fjordane politidistrikt slit og med politibemanninga. I Bremanger har ei politibetjentstilling stått meir eller mindre tom i eitt og eit halvt år. Og i Høyanger står to faste stillingar og eit vikariat ledige, fortel lensmann Olav Hellebø.  

Politimeister Kjell Ese i Sogn og Fjordane seier rekrutteringa går i bølgjer.

 

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå