Hopp til innhold

Politikaren kjempar om ordførarverv – og internasjonal siger i e-sport

FLORØ (NRK): I haust skal Frp-politikar Frank Willy Djuvik kjempe om ordførarvervet i Kinn. Men først vil han danke ut internasjonal motstand i e-sportsturneringa ESL World Championship i Polen.

Frank Willy Djuvik

POLITIKAR OG GAMER: Politikar Frank Willy Djuvik har spelt Clash og Clans i kring fem år. – Eg synest det er kjekt tidsfordriv, seier han.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

I konkurranse med kring tusen andre lag, lukkast laget til Frp-politikar Frank Willy Djuvik å kvalifisere seg til e-sportsturneringa i mobilspelet Clash of Clans. I slutten av månaden går difor turen til Polen, med Djuvik som leiar for laget The North Watch.

– At vi skulle vere så gode at vi kvalifiserte oss til ECL world championship, hadde eg ikkje trudd, seier han.

Begynte med Gameboy og Tetris

For dei fleste er Djuvik kjend frå politikken, som fylkespolitikar i Sogn og Fjordane og no også som ordførarkandidat for Framstegspartiet i nye Kinn kommune. Mens andre politikarar har blitt ferska i å spele under politiske møte, lar Djuvik spelet ligge når han er i fylkestinget.

Men gaminga har vore ein viktig hobby sidan han var gut.

– Eg begynte med Gameboy og Tetris, så gjekk eg vidare til Nintendo og PC. Eg har alltid syntest det er veldig gøy å spele.

E-sport

STRATEGISPEL: Clash of Clans har fleire titals millionar spelarar på verdsbasis, fortel Frank Willy Djuvik, som snart skal til Polen for å konkurrere i spelet.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Clash of Clans, strategispelet han skal konkurrere i i Polen, har fleire titals millionar spelarar på verdsbasis.

– Eg blei introdusert for dette av nevøen min, Han har slutta, men eg har halde fram.

Har ikkje møtt lagkameratane

Trass i at laget hans no har kvalifisert seg til den store e-sportsturneringa, har han enno ikkje møtt dei fire andre lagkameratane. Spelarane har alle alias, difor veit ikkje Djuvik ein gong kva dei heiter. Alt han veit er at ein av dei kjem frå Bergen og to frå Oslo.

At dei blei eit lag, var litt tilfeldig.

– Vi var ein gjeng som møttest via spelet. Vi treivst godt saman, og starta eit lag for fire år sidan. For eit år sidan begynte vi å spele meir i internasjonal liga.

Djuvik gler seg til å møte spelvennene.

– Vi har prata mykje, har same humor og kjenner kvarandre eigentleg godt. Vi snakkast jo kvar dag om mange forskjellige ting.

Håpar på provisjon

For hans eigen del varierer det kor mykje han speler i det daglege.

– Det blir fort eit par timar om dagen, men nokon dagar blir det ingenting, og i helgene kanskje meir

Om eit par veker får han verkeleg testa kor god han er blitt i The Clash of Clans.

– Har de sjanse til å vinne, trur du?

– Viss ikkje hadde vi ikkje reist. Eg trur vi skal gi god konkurranse der nede.

Han er ikkje aleine om å ha forventningar. Også nevøen, som introduserte han for spelet, har visse forhåpningar,

– Han har sagt at han forventar provisjon viss vi vinn i Polen, ler Djuvik.