Hopp til innhold

Politikarar vil rive Harastølen

Fleire politikarar i Luster er leie av å vente på at det skal skje noko med Harastølen. No varslar kommunen riving av det gamle sjukehusbygget.

Gamle Lyster sanatorium på Harastølen

HARASTØLEN I FORFALL: Murpuss flassar av, og folk knuser ruter og dører.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Krava om riving vart sett fram då politikarane var samla til formannskapsmøte, skriv Sogn Avis.

Det gamle bygget som i si tid vart bygd opp som eit spesialsjukehus, står no til forfall. Ungdom driv med hærverk, og energiselskapet Tinfos AS, som eig eigedomen, er ikkje interesserte i det gamle bygget.

Krev riving

Luster kommune har lenge håpa at nokon skal vere interesserte i Harastølen, men til no har det ikkje skjedd noko. No er politikarane så leie av å vente at fleire tek til orde for at bygget rett og slett må rivast, skriv avisa.

– Eg meiner kommunen må setje i gang rivingsprosessen, noko anna løysing finst ikkje. Vi har allereie brukt nok pengar på Harastølen som det er, seier Frp-politikar Ernst Veum ifølgje Sogn Avis.

På NRK Vestlandsrevyen sist veke kunne vaktmeister og oppsynsmann på Harastølen, Kåre Egil Fuhr, vise fram eit bygg som ikkje er til å kjenne att. Bygget som i år er 110 år gamalt er no til fare for både menneske og dyr.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Harastølen forfell

SJÅ TV-SAKA: Gamle Luster sanatorium på Harastølen i Luster er i elending forfatning. Forfall og omfattande hærverk, gjer at det gamle tuberkulosesjukehuset er ein farleg plass å opphalde seg.

– Ingen kjem til å gjere noko

Administrerande direktør i Tinfos, Tor Syverud, sa sist veke til NRK.no at slik stoda er no byrjar tide renne ut for Harastølen. Tinfos kjøpte det i 2005 grunna fallrettar og energiutvinning, men er ikkje interesserte i sjølve bygget.

Det har også fleire politikarar i Luster merka seg.

– Det kjem aldri att noko aktivitet der og ingen kjem til å gjere noko med bygget. Det må rivast, seier varaordførar Geir Arve Sandvik frå Høgre til Sogn Avis.

Ifølgje rådmann Jarle Skartun kan kommunen krevje riving med heimel i lovverket. Sogn Avis skriv at han for å imøtekomme kravet frå politikarane no vil kontakte eigaren og varsle at kommunen førebur ei rivingssak.