Hopp til innhold

Politikarar trekker seg

Fleire erfarne politikarar i Eid og Selje vil ikkje stille til val i nye Stad kommune neste haust. Det skriv Fjordenes Tidende, som har spurt alle representantane i dei to kommunestyra. Av dei to ordførarane så vil Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) gjerne halde fram, medan Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) ikkje har bestemt seg enno.

Ordførarane i Eid og Selje, Alfred Bjørlo og Stein Robert Osdal.
Foto: Bård Siem / NRK