– Trist at byråkratar skal motarbeide lokalsamfunnet

Sp-politikar kallar Fylkesmannen for firkanta etter at ein bonde fekk nei til å frådele eit hus på garden sin. Hjå Fylkesmannen i Vestland er dei opne for å vurdere saka på nytt.

 Anne Beathe Tvinnereim

OPPGITT: – Eg blir veldig oppgitt. Nestleiar i Senterpartiet Anne Beathe Tvinnereim håpar settefylkesmannen kjem til ei anna avgjerd enn Fylkesmannen i frådelingssaka på Stadlandet.

Foto: Rune Fredriksen / NRK

Anne Beathe Tvinnereim (Sp) er oppgitt etter at Fylkesmannen har gitt ein bonde frå Stadlandet i Selje kommune nei til å frådele eit hus på garden. Politikarar og naboar seier ja, og eit ungt Oslo-par står klare som kjøparar.

– Her prøver politikarar å legge til rette for at folk skal flytte hit, og så er Fylkesmannen så firkanta, seier ho.

Fylkesmannen meiner at mellom anna møkalukt og dur frå landbruksmaskinar kan skape konfliktar på og rundt garden.

Det er lov å bruke hovudet. Fylkesmannen har lov til å bruke skjønn. Fjøslukt må ein tole både i Ervik og i meir tettbygde strøk viss vi vil produsere mat her i landet

Anne Beathe Tvinnereim, nestleiar i Senterpartiet

– Ikkje grunn for frådeling

Tvinnereim seier ho forstår at ein må ta omsyn til potensielle arealkonfliktar.

– Men det handlar ofte om vegtilkomst eller køyring gjennom tunet. Fjøslukt og traktordur burde ikkje vere grunn for ikkje å tillate frådeling. Då blir det både håplaust å busetje seg på landet, og å produsere mat.

Hus i Ervik

FÅR IKKJE FRÅDELE: Det er dette huset på Stadlandet Fylkesmannen seier nei til å dele frå.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Opne for innspel

Hjå Fylkesmannen er dei opne for å vurdere saka på nytt.

– Vi ønsker å vere opne og lydhøyre viss det er gjort vurderingar som kan vere for strenge eller for liberale frå vår side, seier Nils Erling Yndesdal, kommunaldirektør hjå Fylkesmannen.

Dersom kommunen held på vedtaket sitt går saka til ein settefylkesmann fordi Fylkesmannen vert inhabil i ei ny vurdering av saka.

– Trur du det kan ha blitt gjort feil frå Fylkesmannen si side i denne saka?

– Det vil eg ikkje spekulere i. Vi er opne for innspel heilt til det er gjort endeleg vedtak i ei slik sak, seier Yndesdal.

Skjønn i saksbehandling

Tvinnereim fryktar ikkje at bruk av skjønn vil gjere det vanskeleg å handheve reglar.

– Det er derfor ein frå politisk hald legg inn noko skjønn, ingen saker er like.

– Kva betyr det for Ervik og liknande stader å få ta i bruk husa som er der?

– Det betyr alt. Det er fortrinnet for perler som Ervik, at ein kan bruke dei fine kvalitetane dei har til å tiltrekkje unge folk som vil bu der. At kommunen og lokalsamfunnet skal motarbeidast av statlege byråkratar, er berre trist.

Spør statsråden

Også stortingsrepresentant Silje Hjemdal frå Framstegspartiet er opprørt over saka.

Hjemdal har no vendt seg til kommunalminister Monica Mæland (H), der ho spør kva statsråden vil gjere for at det skal bli enklare for folk å etablere seg på bygda.

Det er utruleg dumt at unge som ønsker å etablere seg i Distrikts-Noreg skal bli møtt på slikt vis.

Stortingsrepresentant Silje Hjemdal

– Fylkesmannens plikt er å sørge for fornuftig handheving av lovverk, ikkje å plage folk slik det blir gjort her, seier Hjemdal.

Silje Hjemdal, Frp, bystyret juni 2017

HAR SENDT SPØRSMÅL TIL KOMMUNALMINISTEREN: Stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp) har sendt spørsmål til kommunalministeren, der ho ber om svar på kva statsråden gjer for at det skal bli enklare for folk å etablere seg på bygda.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Tvinnereim vil følgje også med på saka vidare. Ho håpar settefylkesmannen kjem til ei anna avgjerd enn Fylkesmannen.

– Viss ikkje håpar eg kommunen tek saka heilt til topps, så departementet får seie kva som var intensjonen med regelverket, seier Tvinnereim.