Statoil planlegg gassrøyrledning frå Kollsnes i Øygarden til Mongstad, og NVE har pålagt dei å vurdere framtidig gassbruk også i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen sa for eitt år sidan i frå om at den planlagde gassrøyrledningen frå Kollsnes til eit framtidig gasskraftverk på Mongstad, må få slik dimensjon at den også kan lever gass vidare til Sløvåg og Lutelandet her i fylket.
- For dårleg jobb
Deretter har NVE pålagt Statoil konsekvensutgreiing, og der blir selskapet pålagt å vurdere framtidig bruk av gass i heile regionen og eventuelt justere dimensjonen på gassrøret deretter. Politikarane i hovudutval for plan og næring meiner Statoil her har tatt for lett på oppgåva og gjort for dårleg jobb, seier leiar Kjartan Longva.
Ønskjer ilandføring av gass
Statoil er kjend med at BKK vurderar å legge verksemd til Sløvåg i Gulen, basert på naturgass, og at Lutelandet i Fjaler er lenge utpeika som eit industriområde basert på gass. Og i samband med Lutelandet ønskjer Sogn og Fjordane direkte ilandføring av gass frå Nordsjøen.
- Vi jobbar med å få ei ilandføring til Sogn og Fjordane, men vi veit jo ikkje om vi lukkast med det, seier Longva.