Hopp til innhold

Meiner Oslo må tappast om Vestlandet skal bli eitt fylke

Kravet frå ordførarar på Vestlandet er klokkeklart: Oslo må gi frå seg mange arbeidsplassar om Vestlandet skal bli ny storregion.

Alfred Bjørlo, Venstre i fylkestinget

VIL HA SIN DEL AV KAKE: – Nordfjord er ein bu- og arbeidsmarknadsregion med opp mot 50.000 menneske, med eit brett næringsliv og kompetansegrunnlag. Når det i haust skal leggast ein kabal på utflytting av statlege arbeidsplassar og ein regionreform, meiner vi absolutt at Nordfjord bør vere høgt oppe på lista for å få nye funksjonar, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I dag startar forhandlingane mellom Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane om fylka skal slå seg saman. Ein Vestlandsregion kan få over ein million innbyggjarar.

Fleire politikarar vil ha statlege jobbar ut av Oslo for å smørje reforma.

– Skal vi byggje sterkare regionar i landet må noko av det staten gir tilbake vere at det enorme byråkratiet i Oslo-gryta er villig til å gje frå seg og flytte kompetansemiljø ut i landet, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Ber staten bidra

Viktige arbeidsplassar står på spel i forhandlingane. Eit vedtak om ny Vestlandsregion kan kome i oktober, men først må politikarane bli samde om kvar arbeidsplassane skal ligge.

Bjørlo meiner staten bør bidra gjennom å flytte statlege arbeidsplassar frå Oslo til Vestlandet.

– Hovudstaden kokar over på bustadmarknaden, på trafikk og alt som er. Dette er tida for å bruke kompetansemiljøa og sterke regionar som Nordfjord der næringslivet går som det susar. Vi har kapasitet til å ta imot fleire folk og nye arbeidsplassar.

Krev at Sogn og Fjordane får sin del

Jenny Følling

VIL HA BALANSE I ARBEIDSMARKNADEN: Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane skal forhandle om ein storregion med to fylke med sterke senter, Bergen og Stavanger.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
Jan Geir Solheim

KREV VELVILJE: Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim (Sp) støttar fylkesordføraren i kravet om at Sogn og Fjordane også må få nye statlege arbeidsplassar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
Frida Melvær

VIL STÅ PÅ KRAVA: – Vi må stå saman. Sogn og Fjordane må vere tydelege på kva krav vi har, seier Askvoll-ordførar Frida Melvær.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK
Kristin Holm Jensen

REGJERINGA ER PÅ TILBODSSIDA: Det lovar Kristin Holm Jensen, statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foto: (Torbjørn Tandberg/KRD)

Stortinget har bedt fylkeskommunane om å vurdere samanslåing. Samtidig har samarbeidspartia på Stortinget blitt samde om å flytte ut fleire statlege arbeidsplassar frå Oslo.

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), ser gjerne at staten tek skikkeleg i for å smørje arbeidet med ein ny storregion dominert av byane Bergen og Stavanger.

– Når dei har mål om at det skal flyttast ut statlege arbeidsplassar vil det også vere eit viktig tema at ein får flytta arbeidsplassar til Sogn og Fjordane for å balansere arbeidsmarknaden.

– Må få noko som monnar

Fleire ordførarar er samde i kravet.

Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal og Frida Melvær (H) i Askvoll fryktar regionreforma vil føre til at viktige jobbar forsvinn frå distrikta om ikkje staten kompenserer.

– Skal reforma verke må staten vere på tilbodssida, vi må få noko som monnar.

Lovar utflytting

Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Kristin Holm Jensen (H) lovar utflytting, men vil ikkje seie kor mykje hovudstaden må blø.

– Om vi bygger sterkare regionar og sterkare kompetansemiljø er det lagt godt til rette for at ein kan ta ansvar for fleire statlege oppgåver.

– Korleis skal ein forklare for Oslo-veljarane at ein flyttar ut eit stort tal arbeidsplassar frå hovudstaden?

– Først og fremst treng vi å løyse nye oppgåver i staten. I samband med det ser vi alltid på moglegheita for å lokalisere desse utanfor Oslo. Så er det endringar og omstilling i offentleg sektor som i samfunnet elles, det må vi vere innstilt på også i framtida.