Hopp til innhold

Politikarar får strykkarakter

I ei undersøking Årdal kommune har utført i befolkninga si, kjem det fram at folk i kommunen ikkje er fornøgde med sine folkevalde, det skriv Sogn Avis i dag. – Det er sånt vi må tole å høyre, seier kommunestyrerepresentant i Årdal Hilmar Høl (Ap) til avisa, og skuldar på opprivande debattar om lokalisering den siste tida.

Hilmar Høl
Foto: Christian Blom / NRK