Hopp til innhold

Politikarar engasjerer seg for Abenezer

Historia til 4 år gamle Abenezer Adhenome i Sogndal har skapt eit stort engasjement. Fireåringen har alvorleg autisme, men står likevel i fare for å bli sendt ut av landet, saman med foreldra sine.

Abernezer

POLITISK ENGASJEMENT: Fleire politikarar engasjerer seg no i saka til Abenezer Adhenome i Sogndal.

Foto: Oddmund Haugen/NRK

– Det er synd om det er slik at han kan verte sende ut av landet fordi regelverket ikkje femnar om sjukdomen han lid av seier Karin Vikane, som er gruppeleiar for Sogndal Høgre.

Vikane er ein av fleire politikarar som har engasjert seg etter at historia om 4 år gamle Abenezer vart kjend.

– Spesielt tykkjer det synd, når vi høyrer at han har fått eit godt tilbod i Sogndal, seier Vikane.

Fleire ønskjer å endra asylreglane slik at det også omfattar alvorlege lidingar hos born.

Humanitært grunnlag

Saman med foreldra, bur Abenezer ei leilegheit knytt til asylmottaket i Sogndal. Kor lenge dei blir buande, veit dei ikkje.

Abenezer kunne fått opphald på humanitært grunnlag, i dette tilfellet fordi han har ein sjukdom. Men saman med resten av familien sin, har han fått endeleg avslag på asylsøknaden.

Karin Vikane

STØTTAR LEGEFOREININGA: Karin Vikane er gruppeleiar for Høgre i Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Den norske legeforeningen meiner det skuldast ein svikt i systemet. Dei meiner fleire barn som kunne fått opphald på grunn av sjukdom, blir sendt ut av landet fordi UDI sine reglar om opphald på bakgrunn av sjukdom, ikkje er tilpassa barn.

– Eg er samd med legeforeininga og meiner at det her ei ein mangel. Eg støttar legeforeininga i at saka bør takast opp og at vi får ein ny gjennomgang av regelverket seier Vikane.

Vil ta opp saka

Maria Brekke, stortingsrepresentant for KrF, vil no ta opp saka med 4 år gamle Abenezer. Brekke meiner lovverket skal hjelpe ungar som har fått alvorlege diagnosar, men vil sjå om regelverket har manglar.

marie brekke

VIL SJÅ PÅ REGELVERKET: Maria Brekke, Stortingsrepresentant for KrF.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Eg har no tatt kontakt med statsråden med spørsmål om regelverket er godt nok for sjuke og alvorleg sjuke barn. Blant anna på bakgrunn av legeforeininga meiner regelverket bør reviderast, seier Brekke.

Treng stabile forhold

Abenezer går i dag i Kyrkjebakken barnehage Sogndal. Fireåringen manglar språk har store vanskar med det meste andre barn greier utan problem. Men i løpet av det siste året i barnehagen har det vore små, men viktige framsteg for den vesle guten.

I Sogndal er ordførar Jarle Aarvoll oppteken av at born som Abenezer må få stabile forhold rundt seg.

Ordførar Jarle Aarvoll framfor kommunehuset i Sogndal

STABILE FORHOLD: Jarle Aarvoll (Ap) er ordførar i Sogndal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I fjernsynsinnslaget om guten ser vi heilt tydleg det gode forholdet mellom han og den tilsette, seier Aarvoll.

Han deler uroa til foreldra for korleis det skal gå dersom dei vert sende ut av landet. Familien har tidlegare uttalt at han då kan måtte overleve ved å tigge på gata.

– Ein kan jo stille spørsmål ved om borna sine helsefaglege rettar er dårlegare varetekne enn vaksne sine rettar i same situasjon, seier Aarvoll.

Han vil no ta saka opp med sine politikarar på Stortinget.