Hopp til innhold

Politikarane vil legge ned Holvik og Bryggja skule

Ein særs stram økonomi gjer at to skular i Vågsøy står på kuttlista til politikarane, men ingenting er endeleg avgjort.

Kristin Maurstad

VANSKELEG ØKONOMI: Det blir færre folk og ungar i kommunen, og pengane strøymer heller ikkje inn i kassa, seier Kristin Maurstad. Difor kan det sjå ut som at Holvik og Bryggja skule blir lagde ned.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det vil gå ut over Holvik skule frå 2018 og Bryggja skule frå 2019. Det kom også eit anna forslag frå ei anna partigruppe, som ville halde eigedomsskatten på dagens nivå og halde på skulane, men det fall, seier Maurstad.

Vågsøy er ein av kommunane som har harde økonomiske tider i vente. Statsbudsjettet som er lagt fram av regjeringa legg opp til at storbyane får pengar enn dei små. Folketalsutviklinga spelar også inn. Og i rådmannen si saksutgreiing før budsjettmøtet peikar han på at kommunen har langvarig folketalsnedgang, netto utflytting og nedgang i fødselstala.

– Vi brukar opp fonda i 2017 for å halde oppe drifta, og må ta alvorlege grep for å kome i mål, seier ordføraren.

Holvik skule i Vågsøy

SKJEBNE: Frå 2018 kan Holvik skule bli lagt ned. Kring 50 elevar frå bygdene Holvik og Vågsøy er i dag elevar ved skulen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Partia ser på andre løysingar

Dermed såg ikkje fleirtalet i formannskapet nokon annan utveg enn å gjere vedtak som legg opp til skulenedlegging. Det må gjerast eigne konkrete vedtak på dette, men kutta ligg inne i budsjettramma. Kvar nedlegging vil spare kommunen for kring tre millionar kroner, i tillegg til reduserte kostnadar med bygga.

Det var Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Framstegspartiet, Tverrpolitisk liste og Raudt som kom med eit alternativt forslag, men uvisse knytt til fleire avtalar gjorde at mellom anna Maurstad og ein kollega frå Arbeidarpartiet ikkje ville gå inn for det.

– Vi får sjå kva som skjer i kommunestyret. Vi må ta ned pengebruken, men det treng ikkje å bety store nedskjeringar. Innsparingane som rådmannen legg opp til er ikkje mogleg å få til utan store investeringar, seier varaordførar og formannskapsrepresentant frå Senterpartiet, Nils Myklebust.

Nils Myklebust

BALANSE: – Vi støttar ikkje skulenedlegging i denne perioden, seier varaordførar frå Senterpartiet, Nils Myklebust.

Foto: Steinar Lote / NRK

Han understrekar at det alternative forslaget som dei var med på å legge fram i går er eit budsjett i balanse, og at dei samarbeidande partia har ein avtale om at grendeskulane ikkje skal leggast ned.

– Skal ein legge ned skulane er det ein stor prosess som må til. Vi vedtok ein skulebruksplan for kommunen i 2014, og den gjeld for ti år. Skal vi legge ned skular, må denne planen opp til ny vurdering, seier Myklebust.

Maurstad er også klar på at dei endelege avgjerdene ikkje er tekne, og at dei politiske partia no arbeider med andre forslag fram mot kommunestyremøtet.

– Det er varsla frå partia at dei vil kome med justerte endringsforslag fram mot kommunestyremøtet 15. desember. Eg trur det blir justeringar før det blir endeleg vedteke.