NRK Meny
Normal

Politikarane var splitta - men fleirtalet gjekk for nytt helsehus

Politikarane i Årdal gjekk inn for å samle helsetenestene i Øvre Årdal og byggje ut dagens helsehus. Investeringa kjem på nær 15 millionar kroner.

Røysta for helsehus

DELT: Med 12 mot ni stemmer vart det vedteke å samle helsetenestene i kommunen i Øvre Årdal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Det var ein heit debatt med mange tilskodarar i salen.

Politikarane gjekk til slutt inn for helsehus med 12 mot ni stemmer, noko som førte til tydeleg murring i salen blant dei frammøtte. Då formannskapet handsama saka tysdag vart eit felles helsehus vedteke med fire mot tre røyster.

Partane i helsehus-saka har stått steilt mot kvarandre i mange år. Tysdag aksjonerte vel 150 personar mot at det skal investerast 15 millionar kroner i eit nytt helsehus, medan det p andre sida skal sparast inn stillingar og kuttast i tilbod til både born, unge og eldre.

Men politikarane som gjekk inn for forslaget har halde fast på at å samle helsetenestene i eitt bygg til sjuande og sist skal føre til at kommunen kjem til å spare pengar.

Er glad for ei løysing

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, legg ikkje skjul på at det var eit krevjande møte.

– Det er ei delt kommunestyregruppe, og eg vil tru innbyggjarane er delte også. Det er ei sak som vi har jobba med i mange år, utan å få løysing på. Etter mi meining er det bra at vi har fått ei løysing no. Eg trur det vert ei god teneste når perioden med bygging er ferdig og vi kan opne det nye helsehuset i Øvre Årdal, seier Lægreid.

Han trur dette er positivt på fleire plan.

– Eg trur det er positivt når det gjeld rekruttering av legar, og det er viktig å samle fagmiljøet under eitt sak, seier Lægreid.

Sjølv har han fått merke på kroppen kor djupt konflikten stikk, og har mellom anna fått tekstmeldingar med lite triveleg innhald.

– Ein må kunne tole det meste. Men eg føler at det har gått over streken, det har vore for mykje på person og for lite på sak. Men no har eg lagt dette bak meg, seier Lægreid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Full sal under kommunestyremøtet

MYKJE FOLK: Mange årdøler hadde teke turen for å få med seg handsaminga av helsehussaka.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Stolar på rådmannen

Politikarane frå Høgre la ikkje skjul på at dei fryktar økonomisk smell og at prosjektet vert endå dyrare enn det som er estimert. Den uroa delar ikkje Lægreid.

– Eg stolar på det rådmannen seier. No skal vi ha lagt inn det som skal vere i prosjektet, og då må vi gjere det vi kan for å halde oss innanfor den ramma som er lagd, seier Lægreid.

– Med dei økonomiske utfordringane kommunen står framfor, kva er dei viktigaste argumenta for å gjere ei slik investering?

– Vi er nøydde til å leggje bak oss det at vi må ha to av alt. Kommuneøkonomien i tida framover vert strammare, og vi må gjere noko med dei strukturane vi har hatt i Årdal, seier Lægreid.

Har hatt betre råd før

Men han legg til at dette er ei krevjande øving å få til.

– Vi er god vane og vi har hatt eit samfunn med mange fleire innbyggjarar enn vi har i dag. Vi har også hatt betre råd før og har hatt moglegheit til å ha tenester på begge stadar. Men no må vi sjå på moglegheiter til å få ned driftskostnadane, seier Lægreid.

Lægreid var ikkje overraska over at salen var full av tilhøyrarar.

– Denne saka er så kjensleladd i lokalsamfunnet at under begge handsamingane i år har det vore full sal, seier Lægreid.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser