Hopp til innhold

Politikarane tek ikkje rus på alvor

Pårørande reagerer på at rusproblematikken ikkje har fått merksemd i valkampen.

Narkotika

FÅR IKKJE MERKSEMD: Rusmisbruk og problem som rus fører med seg er ikkje eit tema i valkampen meiner pårørande.

Foto: Simon Solheim / NRK

- Eg har ikkje fått med meg at det har vore tema, og eg føler at dei har vore like fråverande alle saman. Det er ganske tragisk, seier leiar i pårørandegruppa Nille i Florø, Unni Borge.

Skuffa over politikarane

Narkotika i distrikta

IKKJE TEMA: Unni Borge i pårørandegruppa Nille i Florø seier fleire hundre pårørande har venta på at rusproblematikken skulle kome opp i valkampen. No er dei skuffa.

Foto: Simon Solheim / NRK

Borge har venta på at temaet skulle kome opp under dei mange valdebattane og at politikarane skulle engasjere seg i saka. Men ho er svært skuffa tre dagar før valet.

Ho trur det vil råke dei ulike partia.

- Det har vore veldig fråverande i valkampen, og eg trur politikarane mister veljarar på dette. Det er mange hundrevis av pårørande som ventar på eit lite utspel.

- Vanskeleg å snakke om

Jenny Følling

VANSKELEG: Jenny Følling, fylkesordførarkandidat frå Sp, seier det er vanskeleg å snakke om rus og at det truleg er difor det ikkje er eit tema.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Og politikarane kan ikkje gjere anna enn å beklage.

- Det er ofte slik at det vert snakka lite om dette fordi det er vanskeleg å ta det opp, forklarer Jenny Følling som i år stiller til val som fylkesordførar for Senterpartiet.

Ho er einig i kritikken, men seier ho har kjempa for åpning av rusposten på Eid i debatten.

- Det har vore eit tema, men det kunne heilt sikkert ha vore eit større tema. Men det har gjerne ikkje vore så mykje i media om dette, men eg har vore med på paneldebatt om dette.

Har dårleg samvit

Frank Willy Djuvik (Frp)

PLAGAST: Frank Willy Djuvik, fylkesordførarkandidat frå Frp, seier han har dårleg samvit for at rus ikkje har vore tema i valkampen.

Foto: Vegar Erstad/NRK

Også Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet ønskjer seg ein debatt om emnet. Men så langt i valkampen har det ikkje vore mykje snakk om rusproblematikken.

- Eg må seie at eg har litt dårleg samvit for at det har vore så dårleg fokus på psykiatri og rus. Det gjeld ikkje berre i valkampen, men elles også.

Borge er klar på at problemet ikkje forsvinn om ein ikkje snakkar om det.

- Det vert ikkej mindre sjølv om ein ikkje tek tak i det. Heller motsett, seier ho.