Politikarane seier nei til bompengar

Ordførar Nils P Støyva (Ap) fekk ikkje med seg formannskapet i Stryn på bruke bompengefinansiering for å få fullført opprustinga av fylkesveg 60 Olden - Innvik.

Fylkesveg Olden - Innvik.

MANGLAR PENGAR: Deler av fylkesveg 60 Olden - Innvik er i ferd med å bli utbetra. Men for å kunne halde fram arbeidet, trengst det pengar. Mykje pengar.

Foto: Magnar Myklebust

Nils P. Støyva

TAPTE AVRØYSTINGA: Ordførar Nils P. Støyva fekk ikkje med seg fleirtalet i formannskapet. Dei stemte imot bompengefinansiering av fylkesveg 60. Arkivfoto

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– No trur eg det blir vanskeleg å unngå at utbetringsarbeidet stoppar opp i periodar, seier Støyva til NRK Sogn og Fjordane.

Mange har sagt nei

Han har ved fleire høve tatt til orde for å nytte bompengar for å få finansiert delar av kostnaden ved å ruste opp den smale og rasfarlege vegen. Viss ikkje kan alternativet vere at opprustinga ytterlegare dreg ut i tid.

Men motstanden lokalt har vore stor, og før tysdagens møte i formannskapet hadde både pendlarar, oppsitjarar, Innvik Bygdeutvikling og Stryn Næringssamskipnad bede Stryn kommune seie nei til bompengefinansiert opprusting av fylkesveg 60.

Fem mot to røyster

Betre gjekk det ikkje med bompengesaka i formannskapet. Eit framlegg frå ordførar Nils P. Støyva (Ap) og Per Kjøllesdal (Sp) om å gå for bompengar, fekk berre deira eigne røyster. Eit motframlegg frå Høgre og KrF om å seie nei til bompengefinansiering, fekk derimot fem røyster.

Fleirtalet meiner det i staden må løyvast offentlege pengar slik at opprustingsarbeidet, som alt er i gang, kan halde fram.

– Vi må bite i det sure eplet

– Per Kjøllestad og eg gjekk inn for bompengar fordi vi trur ein må bite i det sure eplet for å komme vidare i denne vanskelege saka. Det fins pengar til å gjennomføre noko arbeid, men ikkje nok til å få fullført prosjektet, seier Støva etter formannskapsmøtet.

Bakgrunnen for at bompengespørsmålet har komme på dagsorden, er eit notat utarbeidd av Statens vegvesen på oppdrag frå fylkeskommunen.

40 kroner i 15 år

Vegvesenet meiner 100 av dei 430 millionar kronene som manglar for å få fullfinansiert vegprosjektet, kan hankast inn med bompengar over ein periode på 15 år. Ifølgje deira notat vil det koste 40 kroner, utan rabatt, å passere bommen med personbil. Med full rabatt kan prisen komme ned i 20 kroner.

Ei eventuell bompengeordning føreset at Stryn kommune er med på laget. Ordføraren ønskjer å gå for ei bompengeløysing under førestnad at passering med personbilar ikkje blir dyrare enn dagens bompengeordning i Fatlatunnelen i Sogn, der bilistane må ut med 28 kroner.

Kommunestyret i Stryn tek endeleg avgjerd i saka.