Hopp til innhold

Politikarane overkøyrer rådmannen – vil bruke 50 millionar på flaumreparasjonar

Politikarane i Aurland føreslår å bruke 50 millionar kroner på gjenoppbygging etter flaumen for eit år sidan. Finansieringa er i orden, men kommuneadministrasjonen er likevel skeptisk til planane.

Øydelagt av flaumen

PERMANENT: Ei mellombels løysing for bru til Flåm skule er på plass, no vil politikarane gjennomføre alle oppbyggingsprosjekta etter flaumen så raskt som råd. Administrasjonen i kommunen er meir skeptisk, sjølv om finansieringa er i boks.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Pengane er faktisk utbetalt, og vi har dei allereie på konto. Det gir oss ein heilt unik sjanse til å gjennomføre desse tiltaka, seier ordførar Noralv Distad frå høgre.

Eitt år etter den massive og øydeleggande flaumen i Flåm er det framleis mykje gjenoppbygging som står att. For det er framleis mellombelse løysingar på bruer, vegar og infrastruktur, noko kommunen ynskjer å gjere noko med så raskt som råd.

Politikarane vil difor bruke nær dobbelt så mykje pengar som det rådmannen har føreslått i sitt budsjettforslag.

– Vi legg opp til at mest mogleg skal gjerast i 2016, seier Distad.

Ordførar i Aurland, Noralv Distad er nøgd med pengane som regjeringa løyver til strakstiltak.

RASKT: Ordførar Noralv Distad og resten av politikarane i Aurland vil ha dei permanente løysingane for infrastruktur i Flåm på plass så raskt som råd. Kommuneadministrasjonen fryktar derimot at det blir for mange prosjekt på ein gong.

Foto: Rune Fossum

Ressurskrevjande for administrasjonen

Det er derimot kommuneadministrasjonen skeptisk til. For med eit totalt investeringsbudsjett på 90 millionar kroner det komande året trur dei det blir for ambisiøst. Symjehall, investeringar i helse, bustad og næringsområde er også planlagt.

– Vi nærmar oss 90 millionar kroner totalt sett, og det er veldig mykje. Det vil bli krevjande å få gjennomført alt det. Det belastar organisasjonen totalt sett sjølv om vi hentar inn ei stilling til, seier rådmann Steinar Søgaard.

Vil raskt tilbake til normalen

Distad er derimot klar på at det skal vere fullt mogleg å gjere fleire ting på ein gong, og han får støtte frå eit samla politisk miljø.

– Vi vil så raskt som mogleg tilbake til normalen i Flåm. Det har heile tida vore eit sterkt ynskje frå politisk side å prioritere dette, og då må vi rigge organisasjonen slik at vi er i stand til å gjere det, avsluttar høgreordføraren.