NRK Meny
Normal

Politikarane i Eid fryktar nei frå Gloppen

EID (NRK): Om ein knapp månad går innbyggjarane i Eid og Gloppen til valurnene. Medan ein samanslåingsvind bles over Eid er glopparane delt.

Felles formannskpsmøte mellom Gloppen og Eid

SAMLA: Er felles møter for desse politikarane det som blir framtida? Om ein knapp månad skal innbyggjarane i Gloppen og Eid seie sitt. Ein ja-vind bles over Eid, medan dei fryktar Glopparane seier nei.

Foto: Silje Kristin Guddal

– Stemninga på Eid er at dei fleste er for. Dei ser ikkje på samanslåing som noko dramatisk. Når ein snakkar med glopparar, og dei frå randsonene spesielt, så verkar dei meir negative. Dei orienterer seg meir mot Sunnfjord. Så eg er redd det ikkje blir fleirtal i Gloppen, seier Tore Hjelle (H).

Tore Hjelle

UNIK SJANSE: – Viss vi framleis vil ha små skular i grendene og ha det tilbodet vi har, så må vi gjere noko, seier Tore Hjelle (H) frå Eid. Han meiner løysinga for framtida er kommunesamanslåing, men er redd mange andre ikkje vil.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I dag arrangerte dei to kommunane eit felles formannskapsmøte, der det vart gjort opp status for kommunereforma. 30. mai er det folkerøysting i dei to kommunane. Då skal innbyggjarane seie ja eller nei til ein felles kommune.

Intensjonsavtalen er allereie på plass, og kvar hovudsetet for dei ulike tenestene skal ligge er klart, det same er kommunesenteret. Hjelle trur det tungt for eidarane å miste kommunesenteret, men at ein no har innfunne seg med det.

– Eg meiner det er ein eineståande sjanse for Gloppen og Sandane. Dei kan tenkje på kva andre alternativ som vil gje dei kommunesenteret, sa Hjelle under sitt innlegg.

Trur samanslåing vil gje næringsutvikling

Dei to kommunane er på sett og vis like, men Eid er størst på helse, omsorg, tekniske

Svein-Ottar Sandal

OPTIMIST: Svein Ottar Sandal (KrF) trur folk i Gloppen er langt meir positive til kommunesamanslåing enn ein får inntrykk av. Sjølv vil han lytte til rådet frå eit fleirtal i folkerøystingane, men berre om deltakinga er over 50 prosent.

Foto: Privat

tenester, bygg og anlegg. Gloppen er større på landbruk, industri og varehandel. Å slå seg saman vil gjere det enklare å skape nye arbeidsplassar, trur Svein Ottar Sandal (KrF) frå Gloppen.

– Næringslivet tenkjer at ein må samarbeide for å få ting til. Eg trur vi kan få større tyngdekraft inn mot fleire miljø også, og næringslivet har allereie sett at samarbeid er nyttig.

Noverande varaordførar i Gloppen, Hege Lote frå SV, er ein av dei som er skeptisk til samanslåing. Ho meiner kommunen vil klare å løyse oppgåvene åleine også i framtida.

– Det gjev oss god styring i samfunnsutviklinga. Eg trur ikkje det vil dukke opp eit konglomerat av interkommunale samarbeid. Men vi må heile tida leite etter nye og betre løysingar, seier ho.

Sandal er ikkje like pessimistisk med tanke på folkemeininga i Gloppen som det Hjelle er.

– Toneangjevande personar står kanskje på nei, men det er ikkje inntrykket mitt når eg snakkar med folk. Det er langt meir nyansert. Argumentasjonen går også i retning av at samanslåing er fornuftig no. Snakkisen er dette temaet, og folket er opptekne av kva som tener framtida.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast