Hopp til innhold

Politikararane kastar skjorta - har du kasta deg på badetrenden? Del videoen med oss

Badetrenden breier om seg også i Sogn og Fjordane. No har til og med menn du vanlegvis ser i fullt påkledde i dress, kasta skjorta og blitt ein del av trenden.

– Det fine er at ein blir så oppteken med filming og av videoen, at ein gløymer badinga og kulden. Eg gløymde å tenkje på vatnet, seier Alfred Bjørlo etter badestuntet.

Han er ein av mange som den siste tida har kasta seg på bølgja og hoppa i vatnet. Folk trassar kalde vårdagar, tek fram badekleda, hoppar i vatnet, filmar det og legg videoen ut på sosiale medium. I tillegg oppmodar dei ein eller fleire vener om å gjere det same. Om dei let vere å bade, så skuldar dei deg noko. Trenden skal ha starta på Færøyane, men no poppar det opp videoar på sosiale medium frå heile landet.

Nabopolitikarar må bade eller betale

Bjørlo nytta også høvet til å slå eit slag for si kampsak, E39 via Eid med bru over Anda-Lote. Passande nok har han dermed også sendt utfordringa vidare til ordførar i Ørsta, Rune Hovde, og varaordførar i Gloppen, Ola Tarjei Kroken.

Sjølv fekk han utfordringa frå ordførar i Vågsøy, Morten Hagen. Heller ikkje han vart skremd at den lunkne badetemperaturen.

– Det var eigentleg heilt greitt eigentleg med omtrent same temperaturen som på land, kring 6–7 grader. Det vart ikkje noko stort sjokk, og var like kaldt som venta, seier Hagen.

SJÅ VIDEO AV MORTEN HAGEN SOM HOPPAR I VATNET:

Ordførar i Vågsøy, Morten A. Hagen badar som ein del av badetrenden som går for tida.

Også Kristin Maurstad, som er varaordførar i Vågsøy vart utfordra av Hagen. Dersom ho ikkje tek seg ein dukkert innan fristen må finne fram lommeboka.

– Tar dei ikkje utfordringa har eg skrive at dei må støtte redningsskøyta i Måløy med valfritt beløp. Det kan dei gjere uansett om dei tek utfordringa eller ei, seier Hagen.

Og Bjørlo har også teke den utfordringa.

– Eg syns det er eit flott initiativ av Morten Hagen, så det kjem pengar på konto til redningsskøyta uansett, seier Bjørlo.

Del din badevideo med oss

Dersom du har våga deg ut i det kalde vatnet, kan du også dele videoen med oss gjennom Instagram.

Merkar du videoen med #nrksf på Instagram får dei plass på kartet og galleriet vårt i denne artikkelen.

Legg merkje til retningslinene for bruk bileta merka med #nrksf i faktaboksen til høgre.