Hopp til innhold

Politikarane frustrerte over stenging av Anda - Lote

Ferjesambandet Anda – Lote må få betre regularitet enn i dag når nytt anbod tek til å gjelde frå 2017. Det meiner Samferdsleutvalet i fylket som diskuterte ferjesituasjonen i fylket på møtet måndag.

Ferja Lifjord til på Lote

LIFJORD: I helga vart Lifjord innstilt på sambandet Anda–Lote. Samferdsleutvalet er lite nøgde med ferjesituasjonen i fylket.

Foto: Øystein Torheim

Mange trafikantar var frustrerte laurdag då ferja Lifjord gav opp å legge til den nye ferjekaia på Anda på grunn av for sterk sidevind . Dermed vart sambandet innstilt i mange timar.

Ein alvorstynga Arnstein Menes som settefylkesordførar

LEIAR: Arnstein Menes (Sp) leiar samferdsleutvalet i fylket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har over lang tid kjempa for riksvegsambanda våre for å få auka frekvens og betre regularitet, og her føler vi at vi kanskje tek eit steg eller to tilbake. Det er ikkje ønskjeleg verken for oss vanlege vegfarande eller for næringsdrivande spesielt. Det er vanskeleg for oss å gå inn i detaljane, men å få eit samband som folk kan stole på er det som er viktig for innbyggarane, seier Arnstein Menes (Sp), leiar av Samferdsleutvalet.

– Ein samanheng

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er også klar på at situasjonen laurdag ikkje er haldbar på eit så trafikkert riksvegsamband. Han skulda på Statens vegvesen som hadde godkjent at Fjord1 fekk bytte ut ferja Lote med Lifjord.

Alfred Bjørlo

ORDFØRAR: Alfred Bjørlo (V) er ordførar i Eid.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Rett nok tilfredsstiller begge ferjene krava som er sett for ferjetrafikk på denne strekninga, men Lifjord har mindre motorkraft og færre propellar enn Lote – noko Bjørlo meiner gjer ferja mindre manøvreringsdyktig under vanskeleg vind- og straumtilhøve. Dette er ekstra uheldig av di den nye ferjekaia ligg meir vêrutsett til enn den gamle.

– Ved første normale vinter-uver etter at den nye ferja er sett inn, så blir ferjesambandet innstilt og stengt. Det er i alle fall naturleg å tenke seg at her er ein samanheng, seier han.

Reiser til Oslo

Bjørlo saman med ordførarkollega Anders Ryssdal (Sp) i Gloppen vil no be om eit hastemøte med samferdsledepartementet om saka. Ønskje er på kort sikt å få skifta ferje, og så få klåre krav til ferja som skal inn når ny konsesjon tar til i 2017.

Menes – som leiar av samferdsleutvalet – vil samordne seg med dei to ordførarane og bli med til Oslo.

– Dette blir i første rekke ein diskusjon mellom Statens vegvesen og selskapet som driv ferja, men vi kjem til å setje press på i våre kanalar opp mot sentralt i samband med nytt anbod der det er viktig at vi får eit framtidsretta tilbod på denne strekningen, seier Menes.